Knytter til seg eit nettverk av innovatørar

Helse Møre og Romsdal har lansert fleire digitaliseringsprosjekt for å forenkle pasientane sin kvardag. No skal helseføretaket knytte seg til eit nettverk av innovatørar for å dele og tilegne seg meir kunnskap.

Dagleg leiar Kine Berild Norheim i Nextdigital og IKT sjef Odd Arne Maridal i Helse Møre og Romsdal.



-Vi har den siste tida satt i gang ei rekkje prosjekt for å understøtte pasientbehandlinga med digitale hjelpemiddel. Eit av måla er å lansere tenestane mykje raskare enn tidligare for å gje pasientane og våre ansatte ein enklare kvardag. Videokonsultasjonar mellom spesialistar og pasientar, digitalt pasientklageskjema og på lengre sikt den store satsinga på Helseplattformen er nokre døme. No skal vi samarbeide i nettverket til Nextdigital for å utvikle oss vidare, seier IKT sjef Odd Arne Maridal i Helse Møre og Romsdal.

Nextdigital er ein møteplass for offentlege og private bedrifter der deltakarane sammen finn løysingar på digitale utfordringar.
- Vi er overbevist om at tverrfagleg samarbeid er ein nøkkel til å lykkast i det digitale skiftet. Vårt nettverk skal vere ein katalysator for kunnskap, og ein arena for utveksling av erfaringar, seier dagleg leiar Kine Berild Norheim i Nextdigital.

Utvikle oss raskare
I den nye nasjonale helse og sjukehusplanen er det spesielt lagt vekt på å flytte tenestene nærmare pasienten. Sjukehusa skal møte pasientene der dei bur, og samarbeide tettare med kommunen og andre sjukehus. Teknologi blir eit viktig verktøy for å få dette til.
- Vi ser nybrotsarbeid kvar einaste dag ute på sjukehusa. Mange er ivrige etter å ta i bruk ny teknologi og vi opplever stort engasjement. Nettverket vi no har slutta oss til skal bidra til å utvikle oss raskare, fortel Maridal som gler seg til at tilsette får utveksle erfaringar med fagfolk frå andre bransjar.

Best moglege tenester
Med sine 6.400 tilsette er Helse Møre og Romsdal den største kunnskapsbedrifta i fylket. I tillegg til å yte spesialisthelsetenester frå dei fire sjukehusa, så har også føretaket eit stort forskingsmiljø. Nyleg tok ortopedane i Kristiansund i bruk ein ny app som gjer at mange proteseopererte kan skrivast ut dagen etter operasjon. På dei siste seks månadene har ein også forenkla kommunikasjonen mellom fastleger og sjukehusa med ei ny form for digitale meldingar som tidlegare måtte tas over telefon. Det har gitt ein ny kanal for rask og sikker dialog mellom helsepersonell i fylket.
- Eg er veldig stolt over det vi har fått til, men vi kan ikkje kvile. Vi har eit ansvar for å tilby best moglege tenester for pasientar og pårørande, seier Maridal.

Han legg til at nettverket gir høve til at tilsette kan arbeide i grupper blant anna knytta til kunstig intelligens, digital opplæring, automatisering og sensor-teknologi, for å nevne nokre døme.