Køyrer ikkje eldre pasientar som er innlagd heim på natta

Helse Møre og Romsdal har ikkje ein praksis der ein køyrer eldre pasientar som er innlagd ved sjukehusa heim på natta.

​VG hadde nyleg ei mediesak der dei presenterer tal som plasserer Helse Møre og Romsdal i landstoppen når det gjeld transport av eldre pasientar heim om natta.

- VG bad dessverre aldri om å få tal for transport av inneliggjande pasientar på nattestid. Tala som VG opplyser frå HMR inneheld derfor også pasientar som har vore til behandling ved akuttmottak, skadepoliklinikk og legevakt og som ikkje har hatt behov for ei  innlegging, seier Kristen Rasmussen, avdelingssjef for AMK i Møre og Romsdal




Gode rutinar for heimtransport

Rasmussen har vore i kontakt med tilsette ved sengepostar ved alle dei fire sjukehusa i fylket. Tilsette der avviser at føretaket har ein praksis der inneliggjande pasientar blir sendt heim om natta. Berre unnataksvis har det vore transport av eldre etter kl.22.00 og då til dømes i samband med at ambulansetransporten har vore forseinka.

- Våre tilsette er opptatt av pasientane sitt ve og vel og vi ønsker å trygge både pasientar og pårørande om at føretaket har gode rutinar for heimtransport av pasientar, seier Rasmussen