Kva signal sender vi?

Spørsmålet blei stilt av direktøren i styremøtet i Helse Møre og Romsdal i dag. Dei siste vekene har det vore mange interne og eksterne møter der ein har forsøkt å teikne eit bilde av situasjonen. Direktøren opplever at oppfatninga, basert på styrevedtaket i desember, er at det berre er økonomi som driv omstillinga, men slik det er det ikkje.

Styremøte i Helse Møre og Romsdal 20. februar 2019
 

- Det er ei allmenn oppfatning at det er økonomi som driv oss, men det er faglege grunnar for hovuddelen av tiltaka vi gjer, sjølv om økonomien har auka tempoet i arbeidet, seier Remme.

Kvar månad helseføretaket går med underskot så bygger ein opp langsiktig kreditt og gjeld som igjen forverrar føretaket si evne til å drive spesialisthelseteneste.

- Tilsette, brukarar og kommunane gir i hovudsak signal om at dei skjøner at vi må gjere noko, men tilbakemeldinga er likevel at vi ikkje må røre tilbodet dei er opptekne av. Dersom vi vil ha eit best mogleg tilbod til pasientane framover, så meiner eg at det mest  uforsvarlege vi gjer no er å ikkje gjere noko, seier Remme.

Det mest uforsvarlege vi kan gjere no er å ikkje gjere noko.

Espen Remme, adm.dir. Helse Møre og Romsdal
 

 

Styremedlem Nils Kvernmo støttar direktøren sin bodskap.
- Helse Møre og Romsdal gjer eit viktig og krevjande arbeid. Vi må forstå at helseføretaket har kome i ein økonomisk situasjon som er dramatisk. Endringa vi har vedtatt er krevjande, og ekstra krevjande fordi vi ikkje har gjort det før. Dess lenger ein venter med endring, dess større blir omstillinga. Vi har forlate punktet der vi kan skuve dette framfor oss, og vi har stilt oss i ein slik situasjon at vi må gjere endringar på kort tid.

Fleire i styret stilte spørsmål om kostnadane ved tiltaka. Ein av dei var leiar i brukarutvalet, Ingrid Løseth.
- Vi må også sjå kostnadane for dei kompenserande tiltaka. Det er viktig at styret har eit så godt beslutningsgrunnlag som mogleg.

Tilbakemeldinga til Løseth var at kostnadsbildet vil vere ein del av grunnlaget i sakene som blir lagd fram i mars.


Løypemeldingar

Fødeprosjekt

- ROS-analysen for samanslåing av fødeavdelingane har fått mykje merksemd i media og internt, og den viser lik risiko for Kristiansund og Molde. Den peiker altså ikkje på lokalisering, seier Henrik Erdal, klinikksjef for kvinner, barn og ungdom.

Analysen peikar på viktige risikoområder som klinikken vil jobbe vidare med, men det er også andre faktorar som også speler inn.

 

- ROS-rapporten er viktig, men likevel berre ein del av heilskapen, seier Erdal som understreker at det er må vere gode avbøtande tiltak.
Mykje av tida til klinikksjefen blir brukt på å møte folk internt og eksternt for å få med seg folk i forståinga av saken.


- Vi må hugse kvifor vi gjer dette. Vi skal sikre fagleg bærekraft med høg fagleg kompetanse og mindre variasjon, og vi skal betre kvaliteten og pasienttryggleiken mellom anna ved å skape eit større og meir robust fagmiljø.
Prosjektgruppa (består av avd.råd med repr. frå begge miljø, tillitsvalde og verneombod) skal gå gjennom ROS-analysen og planen for gjennomføring av risikoreduserande tiltak. I tillegg må ein m.a. gå nærare inn i kostnadane. Innstilling frå klinikken blir oversendt adm.dir. før saken blir lagt fram for styret i mars. Dette er noko av det vi skal sjå på og som blir ein del av saken i møtet i mars.

Les også ROS-rapporten for samanslåinga av fødeavdelingane er klar

Les også Vil sikre ein god prosess før styresak om fødesamanslåing

Rehabilitering

ROS-analysen for rehabiliteringsområdet vurderte risikoen ved ei nedlegging av institusjonen på Aure og på Mork. Den viste raudt på dei fleste områda, og styringsgruppa som er samansett av representantar frå alle seksjonane, tillitsvalde, verneombod og brukarar skal arbeide vidare med dette.

 

 

- Målet er å fortsatt ha eit godt tilbod innanfor spesialisert rehabilitering, men det vil truleg bli levert på ein annan måte enn i dag. Fagområdet har hatt ei stor utvikling, og vi må gi eit tilbod som er betre tilpassa kvar pasient sitt behov, seier Jorun Bøyum, kst. Klinikksjef for medisin og rehabilitering. 

Når klinikken er klar med si vurdering blir den sendt til adm.dir. før saka blir lagt fram for styret den 27. mars.

Les også ROS-analsysen av rehabiliteringstilbodet i Helse Møre og Romsdal er klar

Les også Må sikre ei god utvikling av rehabiliteringstenesta

 

Døgntilbod DPS Sjøholt

Avdelingssjef for DPS Sunnmøre, Ståle Hoff, ga honnør til dei tilsette i innleiinga av si orientering.
- Diskusjonane starta i utviklingsplanen vår, og har vore eit av dei strategiske punkta i ei omlegging til meir ambulant verksemd for å vere meir ute i heimane. Men det er ikkje sagt at vi ikkje skal ha sengar, men sengetalet må vere riktig.

 

I ROS-analysen var det deltakarar frå tilsette, tillitsvalde, verneombod, brukarar og representantar frå komunane. Forslag til endring blei analysert og det kom fram moglege kompenserande tiltak.

I etterkant av styremøtet i mars planlegger klinikken å sette ned ei prosjektgruppe som skal arbeide vidare med omlegginga.

Les også ROS-analysen av døgnposten på DPS Sjøholt er klar

Les også - Stort fagleg engasjement