Legg fram mogeleg løysing for SNR-prosjektet

Akuttsjukehuset på Hjelset skal realiserast ved å gjere fleire kostnadsreduserande tiltak. Funksjonar og kapasitet som er vedteke i forprosjektet ligg fast, men bygningskroppen vil bli endra og noko av arealet må reduserast for å sikre ei forsvarleg økonomisk gjennomføring av prosjektet, det er anbefalinga frå adm. dir. til styret i HMR.

Inngangsparti SNR
Inngangsparti SNR

- Evalueringsarbeidet som er gjennomført i haust viser dessverre at det er lite sannsynleg at forprosjektet for SNR kan realiserast innanfor styringsramma.

Rapportane som er utarbeidd av Metier OEC gir oss likevel tru på at prosjektet kan vidareutviklast på ein god måte både for befolkninga og for tilsette i HMR, seier Remme.

I styresaka anbefaler Remme å lyse ut ein ny konkurranse så snart som mogeleg for å sikre at prosjektet blir vidareutvikla i tett samhandling med ein entreprenør. I samhandlingsfasen er målet å finne gode optimaliseringstiltak som også tek ned kostandane i prosjektet.

Rapportane viser til overordna vurderingar som er gjort for å kunne redusere areal ved akuttsjukehuset og som peiker på at det er eit potensial i å gjennomføre følgjande tiltak:

  • nettoarealet i akuttsjukehuset reduserast med ca.1500 m2. Klinisk areal blir skjerma i størst mogeleg grad
  • parkeringskjellaren erstattast med overflateparkering
  • ambulansestasjonen tas ut av prosjektet i tråd med ny beredskapsanalyse
  • prosjektet omarbeidast for å oppnå best mogeleg brutto/netto-faktor og mest mogeleg kostnadseffektivt design

Framdriftsplan

Det vil ta mellom 14-20 månadar frå vedtak om ein ny konkurranse til byggestart for akuttsjukehuset. Framdrifta kjem an på tida det tek før ein entreprenør er kontrahert, samt tida samspillfasen tek.

Ny byggestart er anslått til medio 2020, med ferdigstilling av akuttsjukehuset medio 2023.

Etter ein testperiode på 6-9 månadar kan bygget takast i bruk tidleg i 2024.

Årsaka til kostnadsavviket

Ein sentral del i evalueringsarbeidet har vore å finne årsaka til kostnadsavviket mellom tilboda frå entreprenørane og kostnadsestimatet i prosjektet.

Funn i rapporten peiker på tre forhold:
1. Eit for lågt kostnadsestimat
2. Val av kontraktstrategi
3. At ein spesifiserte omfanget for langt for ein totalentreprise.

Andre funn i evalueringa

I evalueringsrapporten får HMR kritikk for å ha kommunisert noko utydeleg om kostnadsrammene i prosjektet.

Remme ber derfor styret om at han og styreleiar får fullmakt til å gå i dialog med Helse Midt-Norge for å kvalitetssikre og gjere kostnadsrammene i prosjektet eintydige.

Kritikk til Sykehusbygg

I rapporten kjem det også fram at prosjektleiinga i Sykehusbygg HF har mangla avgjerande kompetanse som har svekka styringa av prosjektet.

- Eg registrerar kritikken som også rettast mot Sykehusbygg HF, og tek den på alvor. Eg kan forsikre om at SNR-prosjektet, med sin størrelse, kompleksitet og rammeføresetnadar, vil ha min og Sykehusbygg sin største merksemd i tida framover. Nødvendige tiltak for å styrke både prosjektleiinga og gjennomføringskraft i samband med vidareføringa av prosjektet er sett i gang, seier Terje Bygland Nikolaisen som nyleg blei tilsett som ny adm. dir. i Sykehusbygg.

Kritikk til prosjektstyret

Prosjektstyret som skal følgje opp og sikre leveransane frå Sykehusbygg blir også kritisert i rapporten. Metier OEC meiner mellom anna at prosjektstyret har hatt for dårleg prosjektsikring. 

- Som leiar av prosjektstyret i forprosjektet må eg dessverre konstatere at vi ikkje lukkast i oppdraget med å leie utbyggingsprosjektet slik vi skulle, seier tidlegare styreleiar Olaf Melbø.

I vidareutviklinga av prosjektet påpeiker Melbø at ei sentral oppgåve for prosjektstyret blir å sikre ei styrking av utbyggingsorganisasjonen, samt å få etablert ein ny gjennomføringsstrategi.

- Det vil krevje mykje involvering og deltaking frå prosjektstyret og vil medføre meir tid enn eg har basert mitt engasjement på. Eg vel derfor å fratre stillinga som leiar for prosjektstyret da eg vurderer at eg dessverre ikkje har tid og kapasitet til å følgje opp prosjektet i tilstrekkeleg grad.

Johan Arnt Vatnan har gått inn som konstituert leiar for prosjektstyret. Vatnan er til dagleg prosjektdirektør i Nye Veier AS og har lang erfaring frå kompliserte og store bygge- og anleggsprosjekter. Vatnan var i ein periode prosjektdirektør for Tønsbergprosjektet ved Sykehuset i Vestfold og leia utbygginga av St. Olavs Hospital i Trondheim.

Les heile styresaka her.
Les rapporten frå Metier her.