Legg fram nye tiltak for 133 millionar kroner

Styresaka til det ekstraordinære styremøtet 24. januar er no klar.

Styresaka er klar
Styresaka er klar.

Styresaka er klar.

Helseføretaket har hatt økonomiske utfordringar gjennom mange år, og i styremøtet 4. desember i fjor vedtok derfor styret ei nedbemanning på 200 årsverk – eit vedtak som seinare ble justert til å omhandle ein kostnadsreduksjon i kroner, og ikkje i antall årsverk.

Les også:
Vil justere ordlyden i styrevedtak om nedbemanning
Stiller krav om nedbemanning

Styret bestemte også at planen for kostnadsreduksjonen skulle leggast fram i ekstraordinært styremøte 24. januar. 

I onsdagens møte med tillitsvalde diskuterte ein utkast til styresak og fekk innspel på tiltaka. Styresaka sendast no over til styret.

- I saka har vi skissert nye tiltak for om lag 133 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til tiltaka på 69 millionar kronar som blei lagt fram for styret i desember, seier adm. direktør Espen Remme.

Les også:
Her er dei foreløpige omstillingstiltaka

Totalt har helseføretaket no skissert tiltak for 202 millionar kroner, men oppgir at mange av tiltaka ikkje har heilårseffekt i 2019.

- Ut frå tidlegare erfaringar, vil det også vere knytt risiko til å oppnå 100 % økonomisk effekt for alle tiltaka.  Alle forslag er vurdert ut frå kompleksitet i gjennomføringa og effekt på økonomien. Utgangspunktet har vore å fremje forslag som snarast mogleg kan bidra til økonomisk balanse, samstundes som dei står i samanheng med den faglege utviklinga i helseføretaket, seier Remme.

I tiltaksplanen er større strukturelle omleggingar omtalt, men ikkje gått vidare med.

- Vi veit at omfattande strukturelle tiltak kan gi potensiale for store kostnadsreduksjonar. Samtidig kan ei slik retning utfordre nasjonale føringer, og vi har derfor ikkje gått inn i dette no, seier Remme.

Les heile styresaka her.
Sakene til styremøtet blir lagt ut i styreadministrasjonen.