Leverer ut diabetesutstyr

Alle pasientar med diabetes i Midt-Norge skal no få levert ut nødvendig utstyr i høve til nasjonal avtale. Den nasjonale avtalen trådde i kraft 1. mai, og diabetespasientar fikk då tilgang til nye typer insulinpumper og meir moderne måleutstyr av blodsukker og insulinpumper.

Illustrasjonsbilete

​- Vi ønsker ikkje at diabetespasientar skal vente lenger på å få utlevert nytt utstyr i Midt-Norge, og beklagar ventetida. Vi innser at ein gjennomgang av DPIA er ressurskrevande og vil ta tid å gjennomføre. Difor har fagdirektørane i helseforetaka i regionen kome til einighet om at diabetesutstyr nå skal leverast ut i høve til den nasjonale avtalen, seier Henrik Sandbu som er fagdirektør i Helse Midt-Norge RHF.

Dei nasjonale avtalane var ikkje fullstendige med omsyn til persongjennomgang. Helseforetaka i Midt-Norge valgte difor å gjennomføre ei vurdering av personvernskonsekvensar (DPIA), fordi dei er juridisk forplikta etter personvernforskrifta (GDPR, General Data Protection Regulation).
- Det må gjerast eit arbeid i alle helseforetak for å sikre at personvernet er ivaretatt, seier Sandbu.

Personvernforskrifta er ei forskrift som skal styrke og harmonisere personvernet ved handsaming av personopplysningar.

Utfordringa med dei nye diabeteshjelpemidlane er skylagring av data og personvern. Dette er gjennomgått på nasjonalt nivå, og konklusjonen er at ein ønsker ei samtykkeerklæring mellom pasient og leverandør av utstyret, i tillegg til at kvart enkelt helseforetak må sørge for at personvernet er ivaretatt.

Les nyheitssak om den nasjonale avtalen