Lukka styremøte for å diskutere tilsetting av ny administrerande direktør

- Ambisjonen er å få på plass ei tilsetting i løpet av neste veke, seier styreleiar Ingve Theodorsen.

Frå styremøtet 23. oktober
Frå styremøtet 23. oktober

​På tampen av styremøtet 23. oktober lukka styreleiar Ingve Theodorsen møtet med hjemmel i helseføretakslovens §26a - personalsak.

Dei siste vekene har rekrutteringsutvalet i helseføretaket vore i full sving med å intervjue aktuelle kandidatar til jobben som administrerande direktør.

Ifølge styreleiar Ingve Theodorsen skal ei tilsetting vere rett rundt hjørnet.

- Vi har hatt gode intervju og ser no at ei tilsetting truleg vil skje i løpet av neste veke, seier Theodorsen.

Helse Møre og Romsdal vil kome med ei pressemelding straks dette er klart.