Må sikre ei god utvikling av rehabiliteringstenesta

Forslaget om å samle tilbodet til Ålesund vil få store konsekvensar, det kom fram da 50 deltakarar var samla til ei ROS-analyse 7.februar.

Jorun Bøyum, konstituert klinikksjef for medisin og rehabilitering

Helse Møre og Romsdal er inne i ein viktig prosess med å finne løysingar for korleis det spesialiserte rehabiliteringstenestetilbodet skal vere i framtida.

 - Eg er glad for at fagfolk frå heile føretaket, og representantar frå kommunane kom og deltok i ROS-analysen i dag. Deira vurderingar og innspel vil få betyding for det vidare arbeidet med å utforme det framtidige tilbodet i fylket, seier Jorun Bøyum, konstituert klinikksjef for klinikk for medisin og rehabilitering.

Tilbodet må endrast

Bøyum er tydeleg på at ei endring av tenestetilbodet er avgjerande for å sikre ei berekraftig utvikling både fagleg og økonomisk. Ho beskriv at føretaket har ei anna organisering av den spesialiserte rehabiliteringa enn til dømes Trøndelagsfylka, og at HMR driv eksterne institusjonar i eigen regi i Aure og på Mork.

- Vår oppgåve er å sikre eit best mogleg pasienttilbod og vi opplever ei stor utvikling innanfor rehabiliteringstenesta. Forsking og den medisinske utviklinga gjer at vi i framtida bør tilby ei behandling som er betre tilpassa pasientane sine behov. Da må vi tenke nytt i tett samarbeid med tilsette, brukarar og kommunane, seier Bøyum.

Ein del av utviklingsarbeidet

I føretaket sin utviklingsplan 2019-2022, er rehabilitering eit av områda som skal  gjennomgåast. Etter styremøtet 4.desember 2018 blei det satt fart i prosessen, og ei faggruppe fekk i oppdrag å skissere ei framtidig løysing for den spesialiserte rehabiliteringa i fylket.

Rapporten og anbefalinga frå faggruppa var klar 1. februar og forslaget i rapporten om å samle tilbodet til Ålesund var noko av grunnlaget for ROS-analysen i dag.

- Deltakarane som deltok i ROS-analysen vil no få tilsendt eit utkast til rapport som dei kan gi tilbakemelding på. ROS-rapporten blir deretter ferdigstilt og vil vere ein del av grunnlaget for den vidare sakshandsaminga, seier Bøyum.

Vidare arbeid

Fredag 8.februar møtes styringsgruppa som har fått ansvar for å sikre framdrift og medverknad i det vidare arbeidet. Styringsgruppa skal gi  råd til klinikksjef Bøyum og leiargruppa i helseføretaket om korleis ein kan nå dei overordna måla på bakgrunn av innspela frå mellom andre arbeidsgruppa og ROS-analysen. Styringsgruppa har representantar frå rehabiliteringssentera på Mork og i Aure, frå sjukehusa i Molde og Ålesund og frå brukarar, tillitsvalde og verneombod.

Tiltak i det vidare arbeidet

• Ferdigstille ROS-rapporten
• Styringsgruppa skal vurdere og gjennomgå grunnlagsmateriellet og ROS-rapporten og komme med si tilråding til klinikksjef i klinikk for medisin rehabilitering
• Sikre kommunal medverking i arbeidsprosessen
• Dele og diskutere ROS-rapporten med leiargruppa i HMR, samarbeidsrådet for klinikken, arbeidsmiljøutvalet og brukarutvalet i HMR
• Gi ei orientering om status for arbeidet i styremøtet 20. februar, saman med dei andre tiltaksområda
• Leggje fram ei innstilling frå klinikken til adm. dir. før 20. mars
• Leggje fram vedtakssak i styremøtet 27. mars