Martinus Giske Skrede er kåra til Årets lærling

Som lærling i ambulansefaget i Helse Møre og Romsdal har han lært å handtere alvorleg skada og sjuke, stå i stressande situasjonar og ta leiinga på skadestaden på ein utmerka måte, ifølge juryen. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak kåringa.

Martinus Giske Skrede (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)
Martinus Giske Skrede (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Årets lærling er utnemnd for første gong, og juryen ved Møre og Romsdal fylkeskommune skriv at Martinus Giske Skrede frå Giske er ein svært verdig vinnar. Han har gått vg1 og vg2 på Fagerlia vidaregåande skole og hatt praksisplass på klinikk for akuttbehandling, Helse Møre og Romsdal HF.

Fagleg sterk

Om vinnaren seier juryen:

-  Martinus er fagleg sterk og gjennomførte den praktiske prøven på ein svært overtydande måte. Han har vist at han har tileigna seg stor kunnskap innanfor alle felt i ambulansefaget. Han kan handtere alvorleg sjuke, alvorleg skadde og livlause pasientar på ein svært god måte og er god til å støtte pårørande og pasientar i alle situasjonar.

I tillegg til heider og ære, vil Årets lærling få 10.000 kr, diplom og blomar. Prisen vil bli overrekt tysdag 12. mars under samling for 2.års lærlingar på Scandic Parken Hotel i Ålesund. Det vil også bli gjort stas på lærebedrifta.

Vart overraska

Lærlingen sjølv vart svært overraska då han fekk telefon om at han hadde vunne kåringa.

- Eg hadde ikkje høyrt om kåringa og visste ikkje at eg var nominert. Det er utruleg stort når eg tenker på kor mange lærlingar og lærebedrifter som finst i fylket. Det bekreftar at eg har gjort noko bra, seier Årets lærling.

No er han ferdig utdanna ambulansefagarbeidar og er vikar ved ambulanseseksjonen i Ålesund, på jakt etter fast jobb.

I 2018 vart det gjennomført 1663 fag- /sveineprøvar i Møre og Romsdal. 512 kandidatar fekk resultatet Bestått meget godt.  Av desse nominerte prøvenemnder, opplæringskontor og lærebedrifter 28 kandidatar til konkurransen.

Med kåringa ønsker Møre og Romsdal fylkeskommune å auke interessa for yrkesfaga.