Meir detaljert informasjon om foreløpige tiltak

Onsdag blei det lagt ut ei sak som viser områda helseføretaket no ser på i forbindelse med omstillingsprosessen. Her er fleire detaljar om dette.
 

- Vi har eit ønskje om å vere opne og ærlege i denne krevjande situasjonen. Derfor har vi hatt hyppige møte med dei tillitsvalde for å halde dei orientert om kor vi står i prosessen, samtidig som vi har diskutert problemstillingar og fått viktige innspel til det vidare arbeidet, seier administrerande direktør Espen Remme.

Dei foreløpige hovudområda som ein ønskjer å starte omstillingsprosjekt på begynner no å ta form. Klinikkane har klinikkråd og samarbeidsråd (samarbeidsråd er klinikkene sine formelle dialogarenaer der leiarar og representantar for tillitsvalde og verneteneste møtast) denne veka og starten av neste veke. Det kan altså bli endringar på tiltakslista i kjølvatnet av desse møta.

Oversikt over foreløpige tiltak

TILTAK

 INNHALD

ANSVAR

Meirtid

Dreiar seg om reduksjon av faste årsverk (administrasjon og klinikkar), sjå nærare på bemanningsfaktor for samanliknbare tilbod, overtidsbruk og UTA (utvida teneste-/arbeidstid).

 

HR/administrasjon

/klinikkar

Sengepost

Her skal ein sjå på fordeling av senger mellom sjukehus og klinikkar med inkludering av tillitsvalde/verneombod/tilsette. Målet er å utjamne ulikheiter i liggetid mellom sjukehusa, og i større grad leggje om drifta frå døgntilbod til dagbehandling og poliklinikk. Samanlikningar internt i føretaket viser at det er eit potensiale til å ta ned mellom 35-38 senger. Ein skal også sjå på prosessen ved innlegging, i akuttmottak og på overvakning/intensiv. Målet er å få til ein reduksjon tilsvarande ein sengepost i Molde og ein i Ålesund, men omlegginga av drifta må også gi effekt ved dei to andre sjukehusa.

 

Klinikk for akuttbehandling

Klinikk for kirurgi

Klinikk for medisin og rehabilitering/

Fagdirektør

Psykisk helse og rus

Klinikken har hausten 2018 arbeidd vidare med områda som blei skissert i utviklingsplanen. Her ser ein på tal når det gjeld kapasitet, retning, vidareutvikling av poliklinisk og ambulant tilbod i samarbeid med kommunane og internt i føretaket. Ein samanliknar bemanning og tilbod på tvers i klinikken, og ser på «ikkje pasient-nære» funksjonar. Ein ser også nærare på tilbodet innan alderspsykiatri og døgntilbodet DPS (bygningsmessig tilstand, areal (rom), rekrutteringsmessige omsyn. Kompenserande tiltak er m.a. å styrke ambulant tilbod og poliklinikk. 

 

Klinikk for psykisk helse og rus

Organisering av fødetilbodet

Målet er å samle føde-/barselseksjonane i Kristiansund og Molde på eitt av sjukehusa. I februar 2018 beslutta styret at arbeidet med å planlegge samanslåinga skulle starte i løpet av 2019. Prosessen som skal avgjere kvar tilbodet skal samlast er ikkje starta enda, og det kan vere fleire løysingar på dette. Det er planlagt ei ROS-analyse med alle interessentar i februar 2019.

 

Klinikk for kvinner, barn og unge

Rehabilitering

Målet er å ha gode tenester både i kvalitet og omfang, med rett fordeling mellom spesialiert og kommunal rehabilitering. Ein reduksjon av sengetal og samling av spesialisert rehabilitering er diskutert. I eit styrevedtak frå 2011 legg ein til grunn at ein må vurdere å samle all spesialisert rehabilitering i sjukehusa på sikt.

 

Klinikk for medisin og rehabilitering

Outsourcing av ikke-pasientnære tenester

Ein ser på moglegheiten for å outsource reinhald i Nordmøre og Romsdal samt kiosk- og cafédrifta i Ålesund. Ein ser også på alternativkostnaden ved å legge bedriftshelsetenesta eksternt.

 

Klinikk for drift og eigedom

HR

Operasjonsflyt

Ein ser på effektivisering av operasjonslinene i føretaket. 

 

Klinikk for kirurgi

Prehospitale tenester

Ein ser på driftsmodeller for ambulanse og anna pasienttransport.

 

Klinikk for akuttbehandling

Audiopedagogikk

Ein ser nærare på tilbodet innan audiopedagogikk.

 

Klinikk for kirurgi

 

Bakgrunn - kvifor gjer vi dette?

  •  HMR har over mange år brukt meir pengar enn inntektene gir oss grunnlag for - lønn utgjer 70-75 % av kostnadane.
  • HMR har skyvd på oppgradering og investeringar i medisinsk teknisk utstyr og bygningsmessig vedlikehald. 
  • Trass i mange forsøk på å styre kostnadsutviklinga, er trenden at lønskostnadane aukar dei siste åra. 
  • For å sikre langsiktige, trygge og forutsigbare spesialisthelsetenester, med fagleg kompetanse, infrastruktur og økonomisk berekraft – må ein gjennomføre tiltak som i tilstrekkeleg grad møter dette.

 
Les også:
Status i arbeidet fram mot styremøtet 24. januar
Stiller krav om nedbemanning
Presentasjon om omstillingsprosessen (pdf)