Ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal

Sjukehusdirektør Øyvind Bakke (41) i Aleris blir ny toppsjef i Helse Møre og Romsdal.

Øyvind Bakke
Øyvind Bakke blir ny administrerande direktør i helseføretaket

Øyvind Bakke blir ny administrerande direktør i helseføretaket 

- Eg gler meg veldig til å starte i jobben og ydmyk for den store oppgåva eg no har takka ja til, seier Bakke.
 

Leiar i Aleris i fem år

Han har dei siste fem åra vore leiar i Aleris, og dei siste tre åra har han leia Aleris sine 14 sjukehus i landet som sjukehusdirektør.
 
- Den største motivasjonsfaktoren for meg er samfunnsoppdraget, og å jobbe for å skape eit godt pasienttilbud til innbyggarane  i Møre og Romsdal. Eg har inntrykk av at Helse Møre og Romsdal har mange engasjerte og kompetente medarbeidarar, og at innbyggaren er svært engasjert i helsetenester og sjukehus, seier Bakke og legg til at han er kjent med utfordringane helseføretaket står overfor.
 
- Kva er det første du vil gjøre?
- Eg skal tillate meg å vere ny. For meg innebærer det å gjere meg godt kjent med organisasjonen og dei tilsette. Eg vil arbeide for å skaffe meg innsikt i verksemda, og er opptatt av at vi skal lukkast saman. 

Allsidig erfaring

Øyvind Bakke kjem opprinneleg frå Os, men er busatt i Oslo. Han er utdanna sjukepleiar og har tatt ein master i leiing frå Copenhagen Business School. Han har vore avdelingssjef på Ahus, jobba i Spekter og deretter Deloitte før han gjekk til Aleris.
 
Styreleder Ingve Theodorsen i Helse Møre og Romsdal har leia tilsettingsutvalet, og er svært fornøyd med tilsettinga.

- Med Øyvind får vi ein ung person som samtidig har allsidig erfaring frå både den offentlege og private delen av helsesektoren. Eg meiner Øyvind har den erfaringa og dei personlege egenskapane som trengs for å leie Helse Møre og Romsdal på ein god måte, seier Theodorsen.
 
Totalt 12 søkte på stillinga som administrerende direktør i helseføretaket. Bakke tiltrer truleg i starten av desember.


Pressekontakt:
Hege Hegle - tlf 932 69866
E-post: hh@helse-mr.no