Nye styremedlemmer oppnemnd i HMR

Føretaksmøtet i Helse Midt-Norge RHF har måndag 13. mai oppnemnd to nye styremedlemmer for Helse Møre og Romsdal HF. Ny nestleiar blir Lodve Solholm og nytt styremedlem blir Gerd Marit Langøy.

Lodve Solholm (70) er tidlegare fylkesmann i Møre og Romsdal (2009-2018) og før det var han m.a. stortingsrepresentant for Fremskrittspartiet i 16 år. Han er utdanna lærar.


Gerd Marit Langøy (54) er direktør ved Høgskolen i Molde og har m.a. bakgrunn frå bank og industri. Ho er cand.mag. innan økonomi, administrasjon og IT med vidareutdanning innan innovasjon, organisasjon og leiing.


Dei to er oppnemnd for innverande styreperiode som går ut i 2020. Styret for Helse Møre og Romsdal HF har no følgjade samansetting:
Ingve Theodorsen (leiar)
Lodve Solholm (nestleiar)
Gerd Marit Langøy (styremedlem)
Toril Forbord (styremedlem)
Bjarne Storset (styremedlem)
Anette Lekve (styremedlem – valt av tilsette)
Sigurd Torvik Heian (styremedlem – valt av tilsette)
Hilde Furnes Johannessen (styremedlem – valt av tilsette)