Nye vannlekkasjer på fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus

OPPDATERT 03.01:Som ein konsekvens av redusert kapasitet, kan fødande bli tilvist til andre sjukehus.

Lekkasje frå taket på denne fødestua ved Ålesund sjukehus.

Lekkasje frå taket på denne fødestua ved Ålesund sjukehus.

OPPDATERT INFORMASJON 3. JANUAR:

Fødeavdelinga på Ålesund sjukehus har hatt ein pågående vannlekkasje sidan 30. desember. Grunna dette har nokre fødande med forventa normal fødsel blitt omdirigert til andre sjukehus.
 
Per i dag 3. januar disponerer vi fire fødestuer, det vil sei at vi er tilbake i ein tilnærma normal driftssituasjon.

Sidan situasjonen knytt til vannlekkasjen fortsatt er uavklart, vil vi oppretthalde beredskapen og dirigere normalt friske fødande til andre sjukehus ved behov.
 
Fødande må fortsatt ta kontakt med sitt lokale sjukehus når det nærmar seg fødsel.

* * * SAK FRÅ 30.12.19 * * *

I løpet av det siste døgnet blei det oppdaget ein ny lekkasje i taket på fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus. Det er den samme området som har vore råka av vannlekkasje tidlegare.

Les også: Vannlekkasje i fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Ta kontakt med lokal fødeavdeling

Per no er det kapasitet på føden i Ålesund, men fødande kan bli tilvist til andre sjukehus, ifølge avdelingssjef Janita Skogeng.

 - Fødande som skal føde ved Ålesund sjukehus må fortsatt ta kontakt med avdelinga som planlagt, seier Skogeng.

Iverksatt umiddelbare tiltak

Klinikk for drift og eigedom arbeider med å undersøke omfanget av lekkasjen og det er iverksatt umiddelbare taktekkingstiltak.

- Vi følgjer denne situasjonen tett no framover. Det er krevjande, men dei tilsette har vore veldig flinke til å tenke gode løysinger til det beste for dei fødande, seier Skogeng.

Dei krevande verforhalda vanskeleggjer arbeid ute på taket på høyblokka, slik at det er foreløpig uklart kor lenge denne situasjonen vil vare.