Opnar for kirurgi på helg ved Volda sjukehus

For å betre ressursutnyttinga, har administrerande direktør gått inn for ei driftsendring av akuttkirurgien i Volda på helg.

​Parallelt med arbeidet med traumesystemet, har ei anna arbeidsgruppe vurdert den akuttkirurgiske vaktordninga for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus. Kirurgane i Volda har i dag ei vaktordning for inneliggande pasientar i helgene. 

Belasta ved operasjon og sengepost i Ålesund

Klinikk for kirurgi har anbefalt at denne vaktordninga også kan behandle akuttkirurgiske pasientar på helg, slik at ein betre utnyttar ressursane.

I lys av at kapasiteten ved operasjon og sengepost i Ålesund er belasta, er målet at driftsendringa vil føre til betre ressursbruk og betre pasientbehandling ved begge sjukehusa.

- Må gjerast innanfor budsjett

Denne driftsendringa ein del av klinikken sine tiltak for å betre helseføretaket sin økonomi, noko administrerande direktør stiller seg bak.

-  Føresetnaden for at vi går inn for dette no er at det gjerast innanfor budsjett, seier Nils Kvernmo, konstituert administrerande direktør.

Startdato vil vere i løpet av hausten 2019, og helseføretaket skal evaluere konsekvensane av driftsendringa i løpet av planperioden og før 2022.

Les også: Oppdaterer traumesystemet i tråd med nasjonal traumeplan

Les også: Ser på både traumesystem og akuttkirurgi i oppfølginga av utviklingsplanen