Oppdaterer traumesystemet i tråd med nasjonal traumeplan

Nasjonal traumeplan har klare tilrådingar og krav til akuttsjukehus med traumefunksjon, og det har vore nødvendig  for Helse Møre og Romsdal å revidere traumesystemet i tråd med denne.

Utanfor akuttmottaket i Ålesund
Utanfor akuttmottaket i Ålesund

Ei breitt samansett arbeidsgruppe av fagfolk frå heile føretaket, leia av regional traumekoordinator Bent-Åge Rolandsen, har utarbeidd ein rapport som er handsama i leiargruppa.

Tilråding

Leiargruppa sin foreløpige konklusjon er at sjukehusa i Molde og Ålesund framleis skal vere akuttsjukehus med traumefunksjon. Ein tilrår ikkje at sjukehusa i Kristiansund og Volda skal vere akuttsjukehus med traumefunksjon, men syner til rapporten når det gjeld konsekvensar for trening og vedlikehald av kompetanse då alle sjukehusa er ein del av HMR sin beredskapsplan.

Det er understreka frå leiargruppa at personell ved Kristiansund sjukehus skal inngå i traumeteam ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og at det må lagast ein plan for oppgradering/vedlikehald  av kompetanse for dette personellet seinast 2 år før innflytting i SNR.

Vidare bør det ved Volda sjukehus vere ein plan for kompetanse sidan gastrokirurgar i Volda arbeider ved Ålesund sjukehus, og ein føreset vidare eit nært samarbeid mellom sjukehusa.

Uklarheiter i tidlegare prosedyrer

I den gamle prosedyren for traumesystem var Ålesund og Molde akuttsjukehus med traumefunksjon og skulle oppfylle minimumskrava for å inneha funksjonen. Volda og Kristiansund sjukehus skulle ikkje oppfylle minimumskriteria men likevel ha eit modifisert traumeteam for mottak og stabilisering av traumepasientar.

I praksis skapte prosedyren uklarheiter om kvar pasienten skulle transporterast. I tillegg blei det eit ulikt i tilbod då Volda og Kristiansund ikkje hadde same krav til kompetanse og ressursar som Molde og Ålesund.

Tydelegare arbeidsdeling

I den nasjonale traumeplanen er det klargjort at ein enten skal vere akuttsjukehus med traumefunksjon eller ikkje vere det, og då skal det ikkje vere traumemottak etc ved dette sjukehuset. Slike sjukehus må likevel ha ein plan for mottak og vidare transport av traumepasientar som kjem til akuttmottaket grunna undertriagering, eller med annan transport enn ambulansetenesta, eller i høve der til dømes værtilhøva gjer det uråd med transport umiddelbart til traumesenter eller akuttsjukehus med traumefunksjon. I tillegg må alle sjukehusa ha plan for masseskade/katastrofe i samsvar med beredskapsplanverket i HMR.

- Det er viktig å peike på at traumesystemet er ein behandlingskjede frå skadestad til rehabilitert pasient der alle deler må fungere, og der ulike sjukehus har ulike roller fram til endeleg behandling av pasienten, seier fagdirektør Torstein Hole.

Tilrådinga blir no sendt til kommunane, og blir lagt fram for styret i HMR i september.

Se også: Ny nasjonal traumeplan (2016)