Oppmoda forskingsmiljøet til samhandling

– Vi må få til samhandling om kunnskap også, ikkje berre om pasientbehandling, sa Camilla Stoltenberg under Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019 i Kristiansund.

Camilla Stoltenberg

– Aukande forskingsaktivitet gir grunnlag for elitesatsingar, men forskingssystemet må bli betre, sa Camilla Stoltenberg under Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019 i Kristiansund.

Nesten 200 forskarar og forskingsinteresserte frå heile Helse Midt-Norge var i førre veke samla i Kristiansund. Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge (HMN) blir arrangert annakvart år, og går på rundgang mellom helseføretaka.

I år var det Helse Møre og Romsdal (HMR) sin tur til å få på plass storhendinga. Arrangementet var lagt til Kristiansund 2. og 3. oktober, og byen hadde for høvet skrudd på haustsola skikkeleg på.

Best i landet
Eit stjernespekka panel av føredragshaldarar var inviterte utanfrå, i tillegg til talarar frå heile det regionale helseføretaket. Dei sto på podiet føre ein full konferansesal, og i pausane gjekk diskusjonane høgt i gangane.

Konferansesalen under Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019 i Kristiansund

Konferansesalen var full under Regional forskingskonferanse for Helse Midt-norge 2019 i Kristiansund.

Fleire av føredragshaldarane skapte begeistring med sine innspel, prosjekt og forskingsfunn.

Professor Gerd Kvale frå Universitetet i Bergen presenterte for eksempel ei banebrytande firedagarsbehandling mot angst- og tvangslidingar som er i ferd med å endre spesialisthelsetenesta innan mental helse.

Forsking og kvalitetssikring har vore ein av nøklane til suksessen. Kvale fortalde at firedagarsbehandlinga i Molde har dei beste resultata i heile landet. Du kan lese meir om firedagarsbehandlinga på konferansenettsidene og på nyheitssidene til HMR.

I tillegg til hovudprogrammet blei også rundt 60 ulike regionale prosjekt presenterte i sesjonar og på plakatar.

– Forskingssystemet er for dårleg
På konferansen var det plass til meir utfordrande innspel også.

– Forskingsaktiviteten aukar, og det gir betre grunnlag for elitesatsingar, men forskingssystemet er altfor dårleg, sa Stoltenberg, som er lege, forskar og direktør for Folkehelseinstituttet (FHI). Ho har også leia HelseOmsorg21-rådet.

Stoltenberg viste til at viktige forskingsspørsmål ikkje blir svart på, til trass for at forskingsaktiviteten på aktuelle felt har vore høg i fleire tiår.

– Innan legemiddelassistert rusbehandling av gravide har vi drive eit «naturleg eksperiment» i 20 år, samtidig som vi har forska på det. Likevel er det ingen som kan svare på om behandlinga er forsvarleg, og debatten er sterkt ideologisert, sa Stoltenberg.

– Ingen kan gi svar
Ho peika også på auken i ADHD-diagnosar, og sette spørsmålsteikn ved om forskarsamfunnet og helse-Noreg klarer å sjå på dette på ein heilskapleg måte. Korleis verkar for eksempel skulen på barn si psykiske helse? Kvifor er det fleire ADHD-diagnosar hos barn som er fødde seint på året, og kvifor er det så stor variasjon mellom fylka?

– Dette er berre nokre av tallause eksempel. Eg har sjølv vore med på å gjere den fragmenterte forskinga. No etterlyser eg diskusjonen om kva det er vi treng mest, sa Stoltenberg.

Konferansesalen, Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019 i Kristiansund

Forskingskonferansen hadde nesten 200 deltakarar.

Ho viste til Kommunenes strategiske forskningsorgan  (KSF), som blei oppretta på rådsmøte i HelseOmsorg21 for to år sidan. Organet har gitt anbefalingar om korleis ein kan styrke forsking, innovasjon og utdanning innan dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Stoltenberg understreka også viktigheita av at helse-Noreg riggar seg med registerdata som kan gi svar på dei viktige spørsmåla. Ho peika på Helseanalyseplattformen som skal gjere det enklare å få tilgang til helsedata og legge til rette for avanserte analysar på tvers av ulike datakjelder – for eksempel helseregister, grunndata, journalar og andre kjelder til helseopplysingar.

– For å få den primærforskinga vi treng, må det også vere mogeleg å få tak i data, sa FHI-direktøren.

400-500 millionar
Forskingskvalitet var fokus for Stig Slørdahl også, når han gjekk på talarstolen like før Stoltenberg.

Til saman brukar HMN 400-500 millionar på forsking, sjølv om vi har det tøft økonomisk, understreka Slørdahl, som er administrerande direktør i HMN.

Stig Slørdahl på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019 i Kristiansund

– Dersom helseføretaket skal bidra til framtidas helseteneste, må vi også bidra med kunnskap, sa Stig Slørdahl under Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019 i Kristiansund.

– Tenk kvalitet heile vegen, sa Slørdahl til forsamlinga.

– Det skal ikkje mykje til før folk byrjar å stille spørsmålsteikn ved kva vi brukar desse pengane på, og det tek lang tid før vi får dokumentert effekten av forskingsresultata, sa Slørdahl.

Forskingsprisen for 2018
Mot slutten av konferansen fekk Overlege Rune Aakvik Pedersen ved Aure rehabiliteringssenter HMN sin forskingspris for 2018.

Det er Det regionale brukarutvalet for HMN som har ansvar for å utlyse, vurdere, velje ut og tildele prisen. Du kan lese meir om prisvinnaren på HMR sine nyheitssider.

Her er også heimesidene for konferansen.