Orienterte styret om omstillinga i helseføretaket

Konstituert adm.dir Nils Kvernmo har tru på at gjennomføringa av omstillingstiltaka skal gje eit godt utgangspunkt for 2020.
Nils Kvernmo, konst. adm dir

Nils Kvernmo, konst. adm dir, under styremøtet på Knausensenteret.

Under onsdagens styremøte på Knausensenteret orienterte konstituert adm. dir Nils Kvernmo om omstillinga i helseforetaket.

Per no har klinikkane lagt fram tiltak for 63 millionar kronar.

- Vil bli utfordra på to område

- Oppdraget eg fekk frå styret var å gjennomføre ei omstilling tilsvarande ein reduksjon av 130 årsverk innanfor eksisterande struktur. Dette var eit oppdrag vi byrja med rett før sommarferien og som vi har jobba med fram til no. Framleis er nokre klinikkar ikkje er heilt i mål, og den siste resten av tiltak skal drøftast med tillitsvalte 14. oktober, sa Nils Kvernmo.
 
Kvernmo adresserte vidare at helseføretaket i omstillingsarbeidet kjem til å bli utfordra på to område.

- Det eine er å gjennomføre tiltaka, som vi historisk sett ikkje har vore god på. For å følgje opp dette kjem vi til å legge opp til ei rapportering av tiltaksgjennomføring i kvart styremøte. Det andre er at vi må bli betre på å styre etter mål. Her må vi utvikle ein kultur der det ikkje er aksept for avvik på same måte som vi har hatt før, sa Kvernmo.
 

Tidspress og risiko

Både  brukarrepresentantar og tilsettrepresentantar kommenterte tidspress og risiko for at tiltaka kan få konsekvensar for pasientane.

- Vi stiller spørsmål om det er mogleg å gjere ei så stor omstilling utan at det går utover noko. Vi er opptekne av at det gjerast ei løpande risikovurdering som er så god at ein er i stand til å oppdage avvik på vegen og at dette blir rapportert til styret og brukarutval, sa brukarrepresentant Ingrid Løseth og fekk støtte av tilsettrepresentant Anette Lekve.
 
- Vi opplever at dei tilsette er frustrerte. Det har vore korte tidsfristar i denne prosessen inn i ferieavviklinga. Og vi ser at det gjerast mange kutt som ser små ut på papiret, men som det er vanskeleg å forutseie konsekvensen av på sikt når det gjeld risiko, sa Lekve.
 

Forstår frustrasjonen

Per i dag brukar helseføretaket rundt 70 % av midlane sine til lønsutgiftar, og økonomidirektør Heidi Nilsen viste tidlegare på dagen eit kakediagram som synleggjorde at dess meir ein brukar på løn- og varekostnadar, dess mindre er det igjen til utstyr og nødvendig vedlikehald av utstyr og bygg.

Styreleiar Ingve Theodorsen sa han var imponert over det organisasjonen har fått til på så kort tid, men understreka samtidig at han forstod frustrasjonen til dei tilsette

- Men når ein ser på det diagrammet økonomidirektøren viste fram, der ein i 2019 kun har hatt moglegheit til å bruke 1% av budsjettet på nødvendig vedlikehald av bygg og utstyr, samt innkjøp av utstyr - og når ein veit at ein av klinikkane har utstyr med snittalder på 10 år, så må det å auke den kakebiten i seg sjølv vere ein motivasjonsfaktor.
 
- Klarer vi å gjennomføre denne omstillinga 100 %, så kjem 2020 til å bli det første året ein i helseføretakets historie greier å gå i pluss, sa Nils Kvernmo.
 

Bakgrunn

I juni 2019 sette styret i Helse Møre og Romsdal eit krav til føretaket om å finne kostnadsreduserande tiltak tilsvarande 130 årsverk, med effekt så snart som mogleg og innanfor eksisterande strukturar.

Lista over omstillingstiltak finn du i denne saka.