Overvinn tvangstankar på fire dagar

Eit nytt, norsk behandlingsformat mot angst og tvangslidingar brer seg verda rundt. Opplegget tek berre fire dagar. Helse Møre og Romsdal er med på forsking, implementering og kvalitetssikring.

B4DT blei først teken i bruk i 2012 og er no i ferd med å endre spesialisthelsetenesta innan mental helse. Psykologspesialist Kr

B4DT blei først teken i bruk i 2012 og er no i ferd med å endre spesialisthelsetenesta innan mental helse. Psykologspesialist Kristen Hagen (t.h.)

Bergen 4-Day Treatment (B4DT) er ein spesiell kombinasjon av gamalt og nytt. Individuell eksponerings- og responsprevensjonsbehandling har vore kjend sidan slutten av 1960-talet. Her blir den gitt i gruppeformat til mellom tre og seks pasientar samtidig, av like mange terapeutar.

Behandlinga er konsentrert, og blir gitt over fire samanhengande dagar. Saman oppsøker pasient og behandlar situasjonar som gir ubehag, og pasienten får hjelp til bevisstgjering og mestring. I tillegg får pasienten draghjelp frå andre som går gjennom ein liknande endringsprosess.

Blir kvitt lidingane
90 prosent opplever ei klar betring ei veke etter 4-dagarsbehandlinga.
Fire år etter er nesten 70 prosent kvitt lidingane, ifølge ein artikkel i tidsskriftet Cognitive Behaviour Therapy frå 2018.

Kristen Hagen, psykologspesialist ved Klinikk for psykisk helse og rus, er ein av medforfattarane på denne og tre andre artiklar om behandlingsformatet frå 2018.

– Forsking, implementering og kvalitetssikring heng tett saman for B4DT, fortel han.

Helseføretaket har eit fylkesdekkande tilbod om dette behandlingsformatet mot tvangslidingar (OCD). Distriktpsykiatrisk senter Molde tilbyr i tillegg same format mot panikkliding, agorafobi og sosial angst. Hagen er fagansvarleg for behandlingstilboda, i tillegg til å vere ein aktiv forskar.

Lærer opp andre
Som einaste land i verda har Noreg etablert totalt 30 spesialiserte OCD-team. Til saman gir dei eit landsdekkande tilbod. Mange av desse fagmiljøa har fatta interesse for B4DT-formatet, som blei utvikla ved Helse Bergen.

Helse Bergen og det nye Bergen Center for Brain Plasticity står i spissen for dei nasjonale forskingsprosjekta på behandlingsformatet, og Helse Bergen finansierer 40 prosent av stillinga til Hagen. Helse Møre og Romsdal er partnar saman med Oslo Universitetssykehus, Sørlandet Sykehus og St. Olavs Hospital.

– Forskingspartnarane er også partnarar i prosessen med utrulling av B4DT. For eksempel tek Helse Møre og Romsdal imot behandlarar frå ulike delar av landet som vil lære seg metoden. Dei kan kome og hospitere her hos oss, seier Hagen.

Grunnlag for forsking
God struktur på opplæring av behandlarar i tillegg til integrert kvalitetssikring med standardisert oppfølging og dokumentasjon av behandlingsresultat, gir ikkje berre betre behandling og muligheiter til oppsummering av dei kliniske resultata. Det dannar også grunnlaget for å kunne utføre god forsking.

Det konsentrerte formatet gjer det mogeleg å studere grunnleggande mekanismar for endring på ein ny måte – fordi mykje av det som elles ville vore feilkjelder er borte.

– Spreiinga av formatet representerer ein ny tankegang innan psykisk helse. Vi bygger opp kompetansen slik at behandlinga blir den same overalt. For å kunne gjere kontrollerte studiar på B4DT, må vi nemleg dokumentere at behandlinga blir gitt på ein rett og god måte over tid, seier Hagen.

Han trur tankegangen kan brukast på mange andre område innan psykisk helse også.

– Det er ei myte innan psykiatrien at ein ikkje kan måle psykisk helse, seier Hagen. I 2018 fekk Helse Møre og Romsdal midlar frå Regionalt Samarbeidsorgan for utdanning, forsking og innovasjon til eit doktorgradsstipend til psykolog Kristian August Tjelle. Doktorgradsarbeidet skal inngå i eitt av dei nasjonale forskingsprosjekta på B4DT.

Artikkelen her henta frå Forskings- og innovasjonsmeldinga for Helse Møre og Romsdal HF 2018. Du kan laste ned heile meldinga her.

Les også om: