Pågåande arbeid i prosjektet for samanslåing av fødeavdelingane

Som førebuingar for ei vedtakssak om å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde, er det sett i gang fleire tiltak.

Klinikksjef i klinikk for kvinner, barn og ungdom

Oppretta prosjektgruppe

I etterkant av ROS-analysen som blei gjennomført 4. februar, blei det sett ned ei prosjektgruppe med deltakarar frå alle dei involverte fagmiljøa, tillitsvalde og verneombod. Gruppa skal gjennom sitt arbeid bidra med vurderingar og innspel til klinikksjefen for å sikre ei best mogleg løysing for det samla fødetilbodet.

ROS-analyse 4.februar

Arbeid i prosjektet

I mandatet til prosjektgruppa er del lista opp fleire delleveransar som skal danne grunnlag for ei tilråding frå gruppa til klinikksjef Henrik Erdal. Erdal gir vidare si tilråding til adm. dir. Espen Remme som legg fram ei vedtakssak for styret i HMR seinast 20. mars.

Aktivitetsplan

I prosjektperioden blir det gjennomført ein rekkje interne møte i føretaket.

Møte med regionråda

Møte med regionråda

Møte med Orkidé
Møte med Sunnmøre Regionråd

Prosjektgruppa: 
Avdelingsråd for avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdom
Victoria S. Stormo, seksjonsleiar AFK KR
Rune Karlsholm Rise, ass. seksjonsleiar AFK KR/MO
Rigmor B. Sviggum, seksjonsleiar AFK Molde
Frank Walter, seksjonsleiar AFK KR/MO
Gunvor Bergem Lia, seksjonsleiar AFK VO
Marianne H. B. Omvik, seksjonsleiar AFK ÅL
Vigdis H. Stavseng, seksjonsleiar AFK ÅL
Sissel Hjelle, seksjonsleiar AFK ÅL
Idunn Myklebust, medisinsk fagleg rådgjevar
Elin H. Ytterbø, fagutviklingsjordmor
Tone M. Eiksund, avdelingsverneombod AFK

Verneombod:
Sissel Ingebrigtsen, AFK Kristiansund

Tillitsvalde:
Solveig Vatten, plass-TV NSF, AFK KR
Annelinn Gåsøy, plass-TV NSF, AFK MO
Anne Kristin Eidem, plass-TV FF, AFK MO


Hensikta med ei samanslåing

Ei samanslåing av fødeavdelingane er vedteke i utviklingsplanen for HMR. I styremøtet i januar i år la HMR fram ei sak med forslag om framskynde samanslåinga til 2019. Styret bad føretaket om å fortsetje planlegginga og adm. dir. vil leggje fram ei vedtakssak for styret til styremøte i HMR 27. mars.

Det har til tider vore vanskeleg å innfri kvalitetskrava i Eit trygt fødetilbod. Dei offentlege opne kvalitetstala viser ein uønskt variasjon, noko som også kjem fram i kvalitetstala frå fødeavdelingane. Av omsyn til kvalitet, pasienttryggleik, rekruttering og utfordingar i drifta, vil klinikken samle fødeavdelingane til eitt fagmiljø i god tid før innflytting i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
 
Forslaget er å driftssette SNR-modellen, kor all inneliggande aktivitet i gynekologi og fødselshjelp blir lagt til det eine sjukehuset, medan det andre sjukehuset beheld sin polikliniske og dagkirurgiske aktivitet. Fagmiljøa ved dei to sjukehusa har i hovudsak lenge støtta ei samanslåing, men dei har ulike syn på kor ei slik samlokalisering bør vere og kva tid den bør gjerast i forhold til innflyttingstidspunktet i SNR.