Prisdryss til intensiven ved Volda sjukehus

Gro Birkeland er kåra til årets sjukepleiarleiar og Monica Storborg Sæbønes til årets sjukepleiar i Møre og Romsdal.

F.v: Gro Birkeland, Monica Storborg Sæbønes og Inger Lise Lervik
F.v: Gro BIrkeland, Monica Storborg Sæbønes og Inger Lise Lervik.

F.v: Gro BIrkeland, Monica Storborg Sæbønes og Inger Lise Lervik.

​Tirsdag delte Norsk Sykepleierforbund Møre og Romsdal ut dei gjeve prisene "Årets sjukepleiarleiar" og "Årets sjukepleiar". Og intensivseksjonen ved Volda sjukehus gjorde nesten reint bord.

For intensivsjukepleiar Monica Storborg Sæbønes blei kåra til årets sjukepleiar, medan Gro Birkeland, som har jobba ved Volda sjukehus i ei årrekke, blei kåra til årets sjukepleiarleiar. Birkeland delte prisen med Inger Lise Lervik frå Smøla.
 
 - Eg er svært stolt! Både Gro og Monica har i ei årrekke jobba for å fronte intensivfaget. Dei er inkluderande, opptatt av kvalitet i alt dei gjer og fantastiske rollemodeller for kollegaer og ikkje minst dei nyutdanna spesialsjukepleiarane som kjem inn i fagmiljøet, seier klinikksjef Kjersti Bergjord i Klinikk for akuttbehandling.

Ho får støtte av avdelingssjef Elin Molvær Dybvik, som sjølv blei kåra til årets sjukepleiarleiar for to år sidan.

 - Monica har hatt ansvaret for veiledning av spesialsjukepleiarstudentane som kjem inn i seksjonen, og har vore ei fantastisk støtte for dei. Gro har lukkast med å løfte intensivfaget og er ein dyktig og tydeleg leiar som behandlar alle ho møter med respekt, seier Dybvik.

Her er juryens begrunnelse:

Årets sjukepleiar: Monica Storborg Sæbønes

Monica har gjennom alle dei åra ho har vore sjukepleier, vist ein formidabel interesse for sjukepleiefaget.

Ho har med sin smittande interesse og glede for faget, vist svært god evne til rettleiing. Tek gjerne initiativ til faglege diskusjonar. Ho ufarleggjer avanserte « tema», og klarer å snakke om det slik at alle inkluderast med utbytte av diskusjonen.

Ho har ei positiv innstilling til endringar og nye tiltak, som er til det beste for både pasient, pårørande og kollega.

Monica held seg fagleg oppdatert, og legg tiltrette for eit trygt og inkluderande læringsmiljø . Ho har ansvar for studentane i avdelinga, og tek gjerne på seg undervisning  på avdelingsmøter.

Det etiske i sjukepleia er ho bevisst på, og er flink til å ta med studentar og kollegaer  inn i dei etiske refleksjonane.
Monica framstår heilt klart som ein TYDELIG, MODIG OG STOLT SJUKEPLEIER!

Årets sjukepleiarleiar Gro Birkeland:

Gro er ein tydeleg, rettferdig,  og diplomatisk leiar. Samtidig har ho ein naturleg autoritet.

Ho har gjennom si leiing fokusert på kvalitet i pasientens behov, og oppnådd gode faglege resultat saman med sine tilsette. I fleire år med knappe ressursar, har ho vore løysingsorientert og gjort det beste ut av midlane som har vore tilgjengelege.

Gro er lydhøyr for forbetringsforslag, og oppmuntrar til debatt. Ho viser aktivt at det er lov å vere ulike, og at mangfald er ei styrke i avdelinga.
Dette har ført til god fagutvikling, og eit svært godt arbeidsmiljø i avdelinga.
 
Gro framstår heilt klart som ein TYDELIG, MODIG OG STOLT SJUKEPLEIELEIAR!