Revmatisme: sjukdomsaktivitet avgjer risiko ved graviditet

Når ei kvinne med revmatisk sjukdom vil bli gravid, må legen vurdere risiko. Forskjellen mellom aktiv og inaktiv sjukdom kan vere stor, viser Carina Skorpen.
Gravid kvinne
For kvinner med revmatisk sjukdom er den generelle anbefalinga å planlegge graviditet i ein roleg sjukdomsfase. (Foto: Colourbox)

Overlegen ved Revmatologisk poliklinikk i Ålesund har dokumentert stor ulikheit ved inaktiv og aktiv lupus, eller systemisk lupus erythematosus (SLE) på fagspråket.

Funna til Skorpen viser dessutan at kvinner med lupus har heilt normale sjansar for å bli gravide, men at mange får auka sjukdomsaktivitet 6-12 månader etter fødsel.

Svingar
Kvinner med revmatisk sjukdom får ekstra tett oppfølging av helsevesenet når dei vil ha barn. Risikoen kan likevel vere vanskeleg å vurdere. Den er avhengig av diagnosen, men varierer samtidig med sjukdomsbildet hos kvar enkelt, som igjen varierer over tid.

Det er nemleg vanleg at plagene frå revmatisk sjukdom svingar. Dersom sjukdommen er inaktiv i halvåret før graviditeten, er sjansane mykje større for at svangerskapet går bra. Dette er godt dokumentert i tidlegare forsking.

– Revmatisk sjukdom påverkar svangerskapet, og svangerskapet påverkar revmatisk sjukdom, seier Skorpen. Overlegen følger alle gravide med revmatisk sjukdom i heile Helse Møre og Romsdal.

Størst risiko
Lupus er ein sjeldan bindevevssjukdom som oftast rammer unge kvinner. I motsetning til for eksempel leddgikt, som berre rammar ledd, kan lupus påverke stort sett alle vev og organ i kroppen. Symptoma kan variere frå diffuse til alvorlege, og krev ofte medisinsk behandling.

– Kvart år er det rundt 30 fødsler her i landet der mor har lupus, opplyser Skorpen.

Portrett av Carina Skorpen

– Det er fint å kunne ta bort litt av uroa hos gravide kvinner med inaktiv lupus, seier overlege Carina Skorpen. (Foto: Kim L'Orange Sørenssen, INB/NTNU)

Så langt vi veit, er lupus den revmatiske sjukdommen det er knytt størst svangerskapsrisiko til.

Det gjeld både svangerskapsforgifting, for tidleg fødsel og lav fødselsvekt. Tidlegare forsking har for eksempel vist mykje større risiko for svangerskapsforgifting for kvinner med lupus, samanlikna med svangerskap generelt.

Nyanserer
Funna til Skorpen nyanserer dette bildet og viser at kvinner med inaktiv lupus kan senke skuldrene litt. Dei har praktisk tala ikkje auka risiko for svangerskapsforgifting. Det har derimot kvinner med aktiv lupus (sjå faktaboksen under).

– Ved inaktiv sjukdom kan vi altså vere ganske trygge på at kvinna ikkje har større risiko for svangerskapsforgifting, som igjen er den vanligaste årsaka til for tidleg fødsel, seier Skorpen.

Risikoen for tidleg fødsel er litt større for kvinner med inaktiv lupus, men mykje større for kvinner med aktiv lupus.

Risikoen for lav fødselsvekt (10 prosent under normalpercentilen) er større både for kvinner med inaktiv og aktiv sjukdom.

Vil differensiere
Funna til Skorpen kan bidra til at legane får kvinnene gjennom svangerskapet på best mogeleg måte.

– Klarer vi å oppnå inaktiv sjukdom, er risikoane betydeleg redusert for dei mest alvorlege komplikasjonane, seier Skorpen.

Ho understrekar at det fins legemiddel mot lupus som ikkje utgjer nokon risiko for barnet i magen.

– No kjem det stadig meir dokumentasjon på at det er aktiv sjukdom som gir høg risiko for komplikasjonar. Sjølv om kvinnene i utvalet mitt hadde lav sjukdomsaktivitet, utgjorde aktiv sjukdom ein betydeleg risiko samanlikna med inaktiv sjukdom, seier Skorpen.

Ho meiner det kan bli mogeleg å skilje mellom svangerskap hos kvinner med inaktiv og aktiv lupus med tanke på oppfølging.

– Vi skal sjølvsagt følgje opp alle godt, men vi må vere veldig oppmerksame mot dei kvinnene som faktisk har aktiv sjukdom når dei blir gravide, seier Skorpen.

Etter fødsel
Overlegen fortel at det norske helsevesenet gjer ein god jobb med å halde lupus-sjukdommen inaktiv før kvinner blir gravide. Ho trur tendensen til oppblussing etter graviditet kan henge saman med endra hormonbalanse etter fødsel, men Skorpen understrekar at forskinga ikkje har klare svar her.

–  Mine funn viser at det er viktig å følge dei opp også etter fødsel. Vi bør sørge for at dei ikkje kuttar ut medisinar og fortsatt har kontroll på sjukdommen, seier Skorpen.

Skorpen henta data frå to helseregister i sitt doktorgradsarbeid. RevNatus er eit landsdekkande svangerskapsregister der kvinner med revmatisk sjukdom blir inkludert når dei planlegg svangerskap og følgast regelmessig fram til 12 månader etter fødsel. Medisinsk fødselsregister inneheld informasjon om svangerskapsutfall ved alle fødslar i Norge.

Skorpen såg på data om totalt 500 000 fødslar. Blant dei var det  180 mødrer som hadde lupus. For 85 av kvinnene var sjukdommen inaktiv, medan den var aktiv for 63.

Disputasen fann stad ved Ålesund sjukehus 7. juni 2018. Doktorgraden gjekk ut frå Nasjonal kompetansetjeneste for svangerskap og revmatisk sykdom. Skorpen hadde finansiering frå Regionalt samarbeidsorgan for utdanning, forsking og innovasjon.

Les meir om disputasen her