ROS-analyse av døgntilbodet ved DPS Sjøholt

6. februar blir det gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse av døgntilbodet ved DPS Sjøholt.

HMR logo

Styret vedtok 24. januar at helseføretaket skulle gå vidare med forslaget til omstillingstiltak. Eitt av tiltaka som er foreslått er nedlegging av døgnposten ved DPS Sjøholt.

Les også: Styret vedtok vidare arbeid med tiltaksplan

Døgnposten inneheld per i dag 12 sengeplasser, og som kompenserande tiltak er det er foreslått ei oppretting av 5 sengeplassar ved DPS Vegsund, oppretting av 2-3 AHT-sengeplassar) ved seksjon for utgreiing og behandling, styrking av ambulante tenester, samt moglegheit for oppretting av inntil 4 sengeplassar ved DPS Volda.

Ca 20 er invitert

ROS-analysen skal ta for seg risikoen ved av bortfall av 12 sengeplassar ved DPS Sjøholt, og også ei konsekvensutgreiing av dei kompenserande tiltaka som er foreslått.

Ansvarleg for praktisk gjennomføring er staben i Klinikk for psykisk helse og rus med støtte frå Fagavdelinga. ROS-analysen skal haldast på DPS Sjøholt onsdag 6. februar. Til saman er rundt 20 invitert til å bidra inn i ROS-analysen.

- Utvalde deltakarar til ROS-analysen er gjort etter dialog med mellom anna tilsette ved DPS Sjøholt og DPS Vegsund. Det er viktig å få med deltakarar som har god innsikt i faget og lokal kunnskap om dei foreslåtte endringane som skal ROS-analyserast, seier klinikksjef Karl-Arne Remvik i Klinikk for psykisk helse og rus (KPHR).

Status om ROS-analysen per no er:

  • Tid og stad: kl. 09:00-15:00 på DPS Sjøholt
  • Arrangør og ansvarleg for praktisk gjennomføring: klinikkstab KPHR og Fagavdelinga
  • Hensikta med ROS-analysa: er å få fram kva for risikoar ei nedlegging av døgnposten kan gi og ei konsekvensugreiing av kompenserande tiltak
  • Innspel i forkant av ROS-analysen: sendast direkte til odd.herbjorn.tretnes@helse-mr.no 
  • Deltakarar: aktuelle leiarar, tilsette, tillitsvalde og verneombod i avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre, kommunesamanslutningar og brukarutvalet i HMR 
  • Saksgrunnlaget til ROS-analysen vil bli sendt til deltakarane i løpet av torsdag 31.01
  • Klinikkleiinga kjem tilbake til vegen vidare etter analysen, da detaljane ennå ikkje er klare. Det er planlagd at saka skal opp i styret i februarmøtet. Viser elles til vedtakspunkta i styresak 7/19.

Deltakarar som er invitert til ROS-analysen per no:

Leiing og tilsette lokalt: Seksjonsleiarar/teamkoordinatorar/aktuelle tilsette DPS Vegsund, DPS Sjøholt, Akutt psykisk helse Ålesund, DPS Volda, Utgreiing og behandling
Leiing klinikk: Avdelingssjef DPS Sunnmøre og klinikksjef KPHR
Medverknad lokalt: Tillitsvalde og verneombod
Brukarutvalet
Kommunesamanslutning:  Sunnmøre regionråd
Metoderettleiarar:   3 medlemmar (2 frå klinikkstab KPHR og 1 frå Fagavdelinga)

Les også:
Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Legg fram tiltak for 133 millionar kroner
Her er dei foreløpige omstillingstiltaka