ROS-analyse av outsourcing reinhald

6. mars blir det gjennomført ei ROS-analyse av forslaget om å outsource reinhaldstenesta i Molde og Kristiansund.

HMR logo

HMR logo

24. januar vedtok styret at Helse Møre og Romsdal skulle gå vidare med planlegginga av omstillingstiltaka. Eitt av tiltaka som står på lista er å vurdere om ein kan kjøpe reinhaldstenester frå ein ekstern leverandør i Molde og Kristiansund. I Ålesund og Volda har ein allereie ein ekstern leverandør.
 
6.mars blir det derfor gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) av outsourcing reinhald, kor over 40 deltakarar er invitert. Dette er aktuelle tilsette og leiarar frå reinhald samt samarbeidande seksjonar, tillitsvalde, verneombod og brukarar.
 
- Vi har bedt deltakarane om å vurdere konsekvensane av å outsource reinhaldstenesta, kontra det å drifte tenesta med eiga personell. I forkant av analysen vil deltakarane få tilsendt relevante saksdokumenter, og vi har bedt dei om å kome med forslag til problemområde ein ønsker å få belyst under ROS-analysen i forkant, seier klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Klinikk for drift og eigedom.

Innanfor Klinikk for drift og eigedom er også kiosk- og kafedriften ved Ålesund sjukehus nemd som eit aktuelt tiltak ein skal sjå nærare på.

- Når det gjeld outsourcing av kafe og kioskdrift på Ålesund så er det nedsatt ei arbeidsgruppe som ser på dette tiltaket no. Det vil bli føretatt ei ROS-analyse på dette på et seinare tidspunkt, seier Aagaard-Nilsen.

Status om ROS-analysen per no er:

  • Tid og stad: Sagbakken i Molde onsdag 6. mars frå klokka 10:30 - 13:30. Det kan bli endringar på stad av omsyn til kapasitetsutfordringar i lokalet. Deltakarane vil få nærare beskjed om dette. 
  • Arrangør og ansvarleg for praktisk gjennomføring:  Fagavdelinga i HMR
  • Hensikta med ROS-analysen:  å få fram kva for risikoar ein outsourcing av reinhaldstenesta i Molde og Kristiansund vil gi
  • Deltakarar: aktuelle tilsette i Seksjon for reinhald, leiarar frå samarbeidande seksjonar, tillitsvalde, verneombod og brukarutvalet i HMR
  • Innspel i forkant av ROS-analysen: kan sendast direkte til analysegruppa v/ Unni Skare. Det er også mogleg for alle tilsette å formidle innspel  via leiarlinja eller tillitsvald-/verneombodslinja. Frist for innspel er 22.02.19.
  • Saksgrunnlaget til ROS-analysen: vil vere dei aktuelle styrevedtaka i HMR, utviklingsplanen i Helse Møre og Romsdal, samt innspel frå tilsette og organisasjonar knytt til dette. Deltakerane vil få dette materialet nærare presisert og tilsendt. 
  • Teneste og risiko som skal tas med i ROS-analysen: må vere tematisert og behandla innan ROS-analysen blir lukka  ved møteslutt 6. mars. Innspel som løftast fram etter dette vil ikkje bli ein del av ROS-analysen. 
  • Ferdigstilling av ROS-analysen: er planlagt til 11.03.  Det er planlagd at saka skal opp i styremøtet 27. mars
     

Deltakarar som er invitert til ROS-analysen:

Leiing lokalt: Seksjonsleiarar Molde, DPS Knausen, Hjelset, Kristiansund, Ålesund
Leiing klinikk: Klinikksjef Klinikk for drift og eigedom
Medverknad lokalt: Plasstillitsvalde og plassverneombod Molde og Kristiansund,  driftskoordinatorar reinhald Molde, Hjelset, Kristiansund, fagansvarleg for reinhald
Medverknad føretaksnivå: Lokale tillitsvalde , vernetenesta og lokale verneombod, HR-avdeling, BHT, smittevernrådgivarar, sjukehuskoordinatorar
Brukarutvalet
ROS-analysegruppa: 5 medlemmar (2 frå fagavdelinga HMR, 1 frå HR og 2 frå Klinikk for drift og eigedom)

Les også:

Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Held fram arbeidet med å utvikle SNR
Vil sikre ein god prosess før styreska om fødesamanslåing
ROS-rapporten for samanslåinga av fødeavdelingane er klar
Må sikre ei god utvikling av rehabiliteringstenesta
ROS-analysen av rehabiliteringstilbodet i Helse Møre og Romsdal er klar
ROS-analysen av døgnposten på DPS Sjøholt er klar