ROS-analyse av rehabiliteringsfeltet

7. februar blir det gjennomført ei brei ROS-analyse av rehabiliteringsfeltet i helseføretaket.

HMR logo

24. januar vedtok styret at Helse Møre og Romsdal skulle gå vidare med planlegginga av omstillingstiltaka. Eitt av tiltaka som står på lista er ein gjennomgang av rehabiliteringsfeltet, noko ein også vedtok i Utviklingsplanen (februar 2018).

7. februar blir det derfor gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) av rehabiliteringsfeltet.  

Ut frå utviklingsplanen, Samdata og forbruksmønster vil leiinga i helseføretaket vurdere talet på rehabiliteringssenger og talet på institusjonar i Helse Møre og Romsdal.

- Vi må heile tida vurdere korleis vi skal drifte mest mogleg. Det er ikkje slik at denne pasientgruppa ikkje skal få eit behandlingstilbod, men dei kan få eit anna type tilbod enn i dag. Men ei endring i tilbodet krev ei god dialog med kommunane, seier konstituert klinikksjef Jorun Bøyum i Klinikk for medisin og rehabilitering (KMR).


Status om ROS-analysen per no er:

  • Tid og stad: Knausen i Molde torsdag 7. februar frå klokka 10:00 - 15:00.
  • Arrangør og ansvarleg for praktisk gjennomføring;  Fagavdelinga i HMR, evt. med støtte frå Helse Midt-Norge
  • Hensikta med ROS-analysa:  å få fram kva for risikoar samanslåinga kan gi og kva som er aktuelle kompenserande tiltak. Ein forventar også at styrkar og moglegheiter ved samanslåinga blir omtalt i møtet. 
  • Deltakarar: aktuelle leiarar, tillitsvalde og verneombod i avdeling for rehabilitering i HMR, praksiskonsulentar, kommunesamanslutningar og brukarutvalet i HMR, samt at Fylkesmannen er invitert som observatør 
  • Innspel i forkant av ROS-analysen: kan gå direkte til analysegruppa v/ Fredrik Møller-Christensen. Det er også mogleg for alle tilsette å formidle innspel og bekymringar via leiarlinja si eller tillitsvald-/verneombodslinja si.
  • Saksgrunnlaget til ROS-analysen: vil vere dei aktuelle styrevedtaka i HMR, utviklingsplanen i Helse Møre og Romsdal, samt innspel frå tilsette og organisasjonar i tilknytning til dette. I tillegg viser en til
    Rehabilitering i spesialisthelsetenesta (analysenotat 2018, Helsedirektoratet), Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator, Prosjektrapport rehabilitering frå 2015 (Helse Midt-Norge). Deltakerane vil få dette materialet nærare presisert og tilsendt. 
  • Teneste og risiko som skal tas med i ROS-analysa må vere tematisert og behandla innan ROS-analysen blir lukka  ved møteslutt 7. februar. Innspel som løftast fram etter dette vil ikkje bli ein del av ROS-analysen. 
  • Ferdigstilling av ROS-analysen: er planlagt til 11.02. Klinikkleiinga skal kome tilbake til vegen vidare etter analysen, da detaljane ennå ikkje er klare. Det er planlagd at saka skal opp i styret i februarmøtet eller marsmøtet. Viser elles til vedtakspunkta i styresak 7/19.

Deltakarar som er invitert til ROS-analysen:

  • Leiing lokalt: Seksjonsleiarar ved Mork, Aure og Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (FYR)
  • Leiing klinikk: Avdelingssjef rehabilitering og klinikksjef KMR
  • Medverknad lokalt: Plasstillitsvalde frå alle organisasjonar ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Medverknad føretaksnivå: Føretakstillitsvalde frå alle organisasjonar, vernetenesta,  lokale verneombod samt hovudverneombod
  • Samarbeidande fagområder: Avdelingssjefar
  • Brukarutvalet: 2 representantar
  • Kommunesamanslutningane: Representantar frå ROR , Orkide, Sunnmøre regionråd og 7-stjerna
  • Praksiskonsulentar
  • Adm. dir./Fagdirektør
  • Observatørar: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, klinikkråd KMR, HR-avdelinga, Økonomiavdelinga
  • ROS-analysegruppa: 5 medlemmar (4 frå fagavdelinga HMR og 1 frå Helse Midt-Norge)

Les også:
Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Legg fram tiltak for 133 millionar kroner
Her er dei foreløpige omstillingstiltaka