ROS-analyse om fødeavdelinga 4. februar

Over 60 er invitert til risiko- og sårbarheitsanalysen av samanslåinga av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund.

 

På styremøtet 24. januar vedtok styret at Helse Møre og Romsdal skulle gå vidare med planlegging av tiltaka, noko som betyr at Klinikk for kvinner, barn og ungdom går vidare i prosessen for å kunne legge fram ei sak til endeleg vedtak i styremøtet i februar eller mars.

Ønsker å engasjere til medverknad

4. februar blir det gjennomført ei brei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) av samanslåinga av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund. Helseføretaket har invitert interne og eksterne interessentar til ROS-analysen.

- Eg forstår at mange opplev prosessen som både tøff og vanskeleg. Klinikken har eit klart ønske om å engasjere fagmiljøa til medverknad både før og etter ROS-analysen.  Målsettinga har vore å få til ei brei deltaking for å sikre at alle forhold kjem fram, og per no er 60 deltakarar invitert, seier klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Bakgrunn

I utviklingsplanen (februar 2018) blei det vedteke å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde i god tid før innflytting i SNR, og at samanslåingsprosessen skulle vere i gong i løpet av 2019.

Grunna helseføretaket sin økonomiske situasjon har klinikkleiinga fremma forslag om å forsere denne samanslåinga med iverksetting sommaren 2019.

Fakta om ROS-analysen

  • Tid og stad:  Hjorten Batnfjord i Batnfjordsøra mandag 4. februar frå klokka 10:00 - 15:00.
  • Ansvarleg for praktisk gjennomføring: Fagavdelinga i Helse Møre og Romsdal med støtte frå St. Olavs hospital
  • Deltakarar:  aktuelle leiarar, tillitsvalde og verneombod i avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdom (AFK) i HMR, praksiskonsulentar, kommunesamanslutningar og brukarutvalet i HMR. Fylkesmannen er invitert som observatør.
  • Hensikta med ROS-analysa: få fram kva risikoar samanslåinga kan gi og kva som er aktuelle kompenserende tiltak. Ein forventar også at styrkar og moglegheitar ved samanslåinga blir omtalt i møtet. Analysen skal ikkje omhandle hvorvidt ein skal få til samanslåinga eller ikke.
  • Innspel i forkant av ROS-analysen: sendast direkte til analysegruppa v/ Fredrik Møller-Christensen. Det er også mogleg for alle tilsette å formidle innspel via leiarlinja si eller tillitsvald-/verneombod-linja si.
  • Saksgrunnlaget til ROS-analysen: vil vere dei aktuelle styrevedtaka i HMR, utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal, Eit trygt fødetilbod, Regional plan for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg i Helse Midt-Norge 2015-2020, evalueringa frå sommarstenginga i 2016, ROS-analysar AFK Kristiansund og AFK Molde frå oktober 2018, bekymringsbrev frå tilsette og tillitsvalde ved AFK Kristiansund i januar 2019, kvalitetstal for AFK Kristiansund og AFK Molde, samt aktuelle pasientforløp og fellesprosedyrar i AFK Helse Møre og Romsdal. Deltakarane vil få dette nærare presisert og tilsendt. Eit typisk risikoområde som også vil bli tatt opp er reiseveg/transport og beredskap/følgeteneste for gravide og fødande.
  • Ferdigstilling av ROS-analysen: er planlagt til 07. februar.
    Klinikkleiinga skal kome tilbake til vegen vidare etter analysen, da detaljane ennå ikkje er klare. Men det er planlagd at saka skal opp i styre i februarmøtet eller marsmøtet. Viser ellers til vedtakspunkta i styresak 7/19.
     

Deltakarar som er invitert til ROS-analysen per no:

  • Lokal leiing: seksjonsleiarar, ass. seksjonsleiarar og teamkoordinatorar ved AFK Kristiansund og AFK Molde
  • Klinikkleiing: avdelingssjef AFK og klinikksjef
  • Medverknad lokalt: plasstillitsvalde frå alle organisasjonar ved AFK Kristiansund og AFK Molde
  • Medverknad føretaksnivå: føretakstillitsvalde frå alle organisasjonar
    Vernetenesta: lokale verneombod i AFK Kristiansund og AFK Molde, samt hovudverneombod for Kristiansund og Molde
  • Samarbeidande fagområde: 10 avdelingssjefar
  • Brukarutvalet: 2 representantar
  • Kommunesamanslutningane: 2 representantar frå ROR og 2 frå Orkidé
  • Praksiskonsulentar: 2 representantar som dekker Kristiansund og Molde sjukehus sine opptaksområde
  • Adm.dir/fagdirektør: 2 representantar
  • Observatør: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, klinikkråd KKBU, HR-avdelinga, Økonomiavdelinga
  • ROS-analysegruppa: 5 medlemmar (4 frå Fagavdelinga i HMR og 1 frå St. Olavs hospital)


Les også:
Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Legg fram tiltak for 133 millionar kroner
Her er dei foreløpige omstillingstiltaka