ROS-analysen av døgnposten på DPS Sjøholt er klar

- Analysen gir oss viktige innspel på utfordringar og løysingar som vi tar med oss i det vidare arbeidet, seier klinikksjef Karl-Arne Remvik i Klinikk for psykisk helse og rus.

Frå ROS-analysen på DPS Sjøholt
Frå ROS-analysen på DPS Sjøholt

​6. februar samla 20 deltakarar seg for å vurdere risikoar som kan oppstå ved ei nedlegging av døgnposten av DPS Sjøholt og overføring av senger til andre seksjonar, samt styrking av ambulant team. No er analysen klar.
 
- Det har vore gjort eit godt arbeid med ROS-analysen, og den gir oss viktige innspel på utfordringar, samt forslag til kompenserande tiltak og løysingar. Ut frå eit heilhetsperspektiv vurderer leiinga ved Avdeling for Distriktspsykiatriske senter Sunnmøre samt klinikkleiinga at det er forsvarleg å legge ned sengeposten og flytte senger til andre seksjonar, seier klinikksjef Karl-Arne Remvik i Klinikk for psykisk helse og rus. 
 

Klinikksjef Karl-Arne Remvik

Klinikksjef Karl-Arne Remvik

Desse områda peikar seg ut

I alt er det identifisert 25 risikoområde innanfor hovudområda «Kvalitet, uønska variasjon og pasientsikkerheit», «Rekruttering, bemanning og kompetanse», «Seleksjon og pasientforløp» og «Omdømme og oppleving av tryggheit». 
 
Nokre av områda er vurdert til å ha behov for tiltak. 
 
Desse områda er:

  • Kvalitet og ventetid
  • Bemanningssituasjon ved samarbeidande seksjon (Seksjon for utgreiing og behandling)
  • Samhandling med kommunane
  • Kontinuitet i forløp for pasientane
  • Omdømme

ROS-analysen peiker på at områda er knytt til overgangsfasane i omstillinga.

Les heile rapporten her.

Prosessen framover

- No vil det bli nedsatt ei arbeidsgruppe i Avdeling for DPS Sunnmøre som skal utarbeide ein handlingsplan for vidare framdrift og sikre god fagleg medverknad. I tillegg er det viktig at kommunane blir involvert, og her vil vi bruke samhandlingsarenaene vi allereie har, seier Remvik.  

Innstillinga frå leiinga i Klinikk for psykisk helse og rus skal leggast fram for styret 20. februar.

Ekspertgruppa som bidrog i ROS-analysen har kome med følgande forslag til kompenserande tiltak:

  • Opprette 5 døgnplassar ved DPS Vegsund. Vurdere behov for aukt grunnbemanning og behandlarstillingar ved overføring av personalressursar frå DPS Sjøholt.
  • Endre behandlingsstruktur ved DPS Vegsund for betre ivaretaking av behandlingsbehov etter evt. omlegging.
  • Opprette inntil 4 døgnplassar ved DPS Volda.
  • Omdisponering av 2-3 AHT døgnplassar til Utgreiing og behandling Ålesund. Vurdere behov for aukt grunnbemanning.
  • Styrking av ambulant verksemd ved DPS Sjøholt med inntil 6 stillingar, avhengig av behov.
  • Vurdere styrking av øvrege ambulante team/poliklinikk ved behov. Spesielt vurdere styrking av akutteam for å avlaste behov for døgnplassar.
  • Vidareføre og styrke gode samhandlingsarenaer med kommunehelsetenesta og brukarorganisasjonar.
  • Aukt bruk av individuell plan og meistringsplan.
  • DPS Vegsund og DPS Volda har disponibel akuttseng for snarleg overføring frå sykehuspsykiatri.
  • Styrke moglegheit for strukturerte kliniske dagtilbod.
  • Tydeleg dialog med kommunane ved evt. opplevde utfordringar knytt til ansvarsforhald og samhandling. Det understrekast at det ved denne omstillinga ikkje forutsetjast at det skal overførast nye oppgåver til kommunane.

Bakgrunn

Styret vedtok 24. januar at helseføretaket skulle gå vidare med forslaga til omstillingstiltak. Døgntilbodet ved DPS Sjøholt er  foreslått lagt ned som eitt av tiltaka, med konsekvens at sengene blir flytta til andre seksjonar i helseføretaket. Døgntilbodet inneheld per i dag 12 sengeplassar, kor to av dei er brukarstyrte og ei seng er knytt opp mot ambulant team.

Formålet med ROS-analysen har vore å vurdere risikoar og sårbarheiter i samband med forslaget om å leggje ned døgnposten ved DPS Sjøholt og overføre senger til andre seksjonar, samt styrking av ambulant team. I analysen har ein også vurdert konsekvensar av ulike risikoar og sårbarheiter, samt deira sannsynlegheit. Deretter er det gjort ei vurdering knytt til usikkerheit ved å definere eit risikonivå.

Som ein del av ros-analysen blei det også vurdert kva risikoreduserande tiltak som bør settast i verk for å handtere ulike risikoar.