ROS-analysen av døgntilbodet på DPS Sjøholt

Døgnsengene på DPS Sjøholt er foreslått flytta til andre institusjonar, og onsdag skal 20 deltakarar vurdere risikoen og risikoreduserande tiltak knytt til dette.

 

​ Styret vedtok 24. januar at helseføretaket skulle gå vidare med forslaga til omstillingstiltak. Døgntilbodet ved DPS Sjøholt er  foreslått lagt ned som eitt av tiltaka, med konsekvens at sengene blir foreslått flytta til andre institusjonar i helseføretaket. 

Dette ønsker ein innspel på

Onsdag 6. februar blir det arrangert ein risiko- og sårbarheitsanalyse rundt uttaket av døgnsenger på DPS Sjøholt. Om lag 20 personar, interne og eksterne, er invitert for å bidra inn i analysen.

- Det vi har bedt deltakarene om er å vurdere kva slags bekymringar eller utfordringar dei ser ved å flytte døgnsengene. I tillegg ber vi om innspel på kva tiltak vi kan gjere for å redusere risiko knytt til dette, seier avdelingssjef  Ståle Hoff i Avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre i Klinikk for psykisk helse og rus.

Ikke avgjerande i seg sjølv

I tiltaksplanen har klinikken har foreslått at 5 døgnsenger blir flytta til DPS Vegsund, som ligg fire mil unna DPS Sjøholt.  I tillegg er det foreslått at det blir oppretta 2 sengeplassar i Seksjon for utgreiing og behandling øremerka for akutt heimebehandlingsteam. Det ambulante teamet på DPS Sjøholt er foreslått oppbemanna.
 
 - Ros-analysen er ein viktig del av beslutningsgrunnlaget, men er ikkje avgjerande i seg sjølv. Resultatene frå ROS-analysen vil inngå i styresaka som skal vere klar 13. februar, seier Hoff.

Det vil ikke vere anledning for media til å delta under sjølve ROS-analysen, men leiarane er tilgjengelege for spørsmål etter at møtet er over.

Status om ROS-analysen per no er:

  • Tid og stad: kl. 09:00-15:00 på DPS Sjøholt
  • Arrangør og ansvarleg for praktisk gjennomføring: klinikkstab KPHR - med rådgivning frå Fagavdelinga.
  • Hensikta med ROS-analysa: er å få fram kva for risikoar ei nedlegging av døgnposten kan gi og ei konsekvensugreiing av kompenserande tiltak
  • Innspel i forkant av ROS-analysen: sendast direkte til odd.herbjorn.tretnes@helse-mr.no 
  • Deltakarar: aktuelle leiarar, tilsette, tillitsvalde og verneombod i avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre, kommunesamanslutningar og brukarutvalet i HMR
  • Saksgrunnlaget til ROS-analysen vil bli sendt til deltakarane i løpet av torsdag 31.01
  • Klinikkleiinga kjem tilbake til vegen vidare etter analysen, da detaljane ennå ikkje er klare. Det er planlagd at saka skal opp i styret i februarmøtet. Viser elles til vedtakspunkta i styresak 7/19

Deltakarar som er invitert til ROS-analysen per no:

Leiing og tilsette lokalt: Seksjonsleiarar/teamkoordinatorar/aktuelle tilsette DPS Vegsund, DPS Sjøholt, Akutt psykisk helse Ålesund, DPS Volda, Utgreiing og behandling
Leiing klinikk: Avdelingssjef DPS Sunnmøre og klinikksjef KPHR
Medverknad lokalt: Tillitsvalde og verneombod
Brukarutvalet
Kommunesamanslutning:  Sunnmøre regionråd
Metoderettleiarar: 2 medlemmar (2 frå klinikkstab KPHR, rådgivning frå Fagavdelinga)

Les også:
Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Legg fram tiltak for 133 millionar kroner
Her er dei foreløpige omstillingstiltaka