I dag blir reinhaldstenestane i Ålesund og Volda levert av ein ekstern aktør, mens helseføretaket har hatt eiga reinhandsdrift i Molde og i Kristiansund. Av 47,6 årsverk i Molde og Kristiansund brukast per i dag 34,8 årsverk på det som er definert som reinhald.
En outsourcing av reinhaldstenesta er berekna til å ha eit innsparingspotensial tilsvarende 10 årsverk.
Over 40 deltok
6. mars samla over 40 deltakarar seg for å vurdere identifiserte risikoar som vil kunne oppstå ved en outsourcing av reinhaldstenesta i Molde og Kristiansund. No er analysen klar.
- ROS-analysen gir oss et innblikk i kva utfordringar vi møtar ved å outsource reinhaldstenesta samtidig som den viser forslag til aktuelle kompenserande tiltak som kan bidra til å ta ned risikoen, seier klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Klinikk for drift og eigedom.
I ROS-analysen er det i alt er det identifisert 19 risikoområde innanfor hovudområda «Kvalitet og pasientsikkerheit», «Rekruttering, bemanning, kompetanse, overtalligheit», «Tilgjengelege tenester» og «Omdømme». Deltakarane har også vurdert kva kompenserande tiltak ein kan sette inn og vurdert effektane av desse.
Les heile ROS-rapporten her.
Åtte risikoar krev tiltak
Åtte av dei 19 områda er vurdert til å ha eit såpass høgt risikonivå med behov for tiltak.

- Dersom
foretaket gjennom kravspesifikasjon til ekstern leverandør tar hensyn til de
risikoreduserende tiltakene
fra
ROS-analysen som gjelder kvalitet, fleksibilitet og kompetanse, så vil risikoen
ved eksternt renhold være svært liten, seier Aagaard-Nilsen.
Innstillinga frå leiinga i Klinikk for drift og eigedom skal leggast framfor styret 27. mars. I den vil ROS-analysa vere ein viktig del av beslutningsgrunnlaget.
Les også:
Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Stiller krav til nedbemanning
ROS-analyser i HMR
ROS-analyser inngår som eit av elementa i systematisk risikostyring av Helse Møre og Romsdal som verksemd, og er i tråd med vedtak i Helse Midt-Norge om at det ved større endringsarbeid skal gjennomførast ROS-analyse som en del av saksutgreiinga. Gjennomføringa av analysen er i tråd med føretaket sin prosedyre for ros-analyser og Norsk standard 5814:2008, Krav til risikovurderingar.
Formålet med ROS-analysen har vore å vurdere risikoar og sårbarheiter i samband med forslaget om outsource reinhaldstenesta i Molde og Kristiansund.
Deretter er det gjort ei vurdering knytt til usikkerheit ved å definere eit risikonivå. Som ein del av ros-analysen blei det også vurdert kva risikoreduserande tiltak som bør settast i verk for å handtere ulike risikoar.