ROS-rapporten for samanslåinga av fødeavdelingane er klar

Rapporten gir ikkje svar på kor ei samlokalisering av fødeavdelingane bør skje, men inneheld informasjon som blir viktig i det vidare arbeidet med å samle fagmiljøa i Kristiansund og Molde.

- ROS-analysen har gitt oss verdifull kunnskap om dei ulike risikoar ved å samle fødeavdelingane. Vi vurderer at det er mogleg å handterer ei samlokalisering på ein trygg og god måte gjennom risikoreduserande tiltak og held fast på planen om å leggje fram ei sak for styret i HMR i mars, seier Henrik Erdal, klinikksjef for kvinner, barn og ungdom.

Frå ROS-analysen på Batnfjordøra

Identifiserte risikoar

I rapporten kjem det fram korleis deltakarane i ROS-analysen 4.februar har vurdert og gitt innspel til identifiserte risikoar som vil kunne oppstå ved å samle fødeavdelingane i Kristiansund og Molde ved eitt av sjukehusa. Fleire av risikoane blir vurdert til å ha eit høgt risikonivå, blant dei risikoar som:

• Rekruttering og utdanning
• Arbeidstid og tap av nøkkelpersonell, særleg med tanke på interimsfasen før SNR
• Lang reiseveg
• Beredskap og følgjeteneste

Les ROS-rapporten

I det vidare arbeidet vil ein sikre eit tett og godt samarbeid med fagmiljøa for å følgje opp risikoreduserande tiltak som gjer det forsvarleg å slå saman fødeavdelingane på ein trygg måte.

- Vi vil også jobbe for å finne gode løysingar som gjer det mogleg og attraktiv for tilsette å fortsette sjølv med endra arbeidsforhold og lengre reiseveg, seier Erdal.

Henrik Erdal, klinikksjef for kvinner, barn og ungdom

Vil gi betre kvalitet

Klinikksjefen er trygg på at ei samanslåing av fødetilbodet vil gje betre kvalitet og pasienttryggleik mellom anna ved å skape eit større og meir robust fagmiljø i Nordmøre og Romsdal.

Det blir no sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå alle dei involverte fagmiljøa, tillitsvalde og verneombod. Gruppa får ansvar for den vidare planlegginga av samanslåinga av dei to fagmiljøa, og skal gå ytterlegare inn i handsamingsgrunnlaget. Ein sentral del av oppdraget er å følgje opp ROS-analysen, utarbeide ein plan for gjennomføring av risikoreduserande tiltak, samt å leggje fram ei anbefaling til klinikksjefen.

- Det blir ein viktig og krevjande prosess der vi er avhengig av at fagmiljøa samarbeider godt. I tillegg må vi sikre god medverking frå kommunane i Nordmøre og Romsdal, seier Erdal.

Tiltak veke 6-12:

• Dele og diskutere ROS-rapporten med avdelingsrådet i avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar (AFK), samarbeidsråd for AFK/KKBU (klinikk for kvinner, barn og ungdom), møte med tillitsvalde og verneombod, regionalt fagleiarnettverk, arbeidsmiljøutvalet, brukarutvalet og leiargruppa i HMR
• Gje ei orientering om status for arbeidet i styremøtet 20. februar
• Leggje fram ei innstilling frå Klinikk for kvinner, barn og ungdom til adm. dir. før 20. mars
• Leggje fram Vedtakssak om samanslåing (driftsmodell, stad og dato) i styremøtet 27. mars

Vil sikre ein god prosess før styresak om fødesamanslåing

Skal analysere ei samanslåing av fødeavdelingane

Bakgrunn for fødesamanslåinga

Ei samanslåing av fødeavdelingane er vedteke i utviklingsplanen for HMR. I styremøtet i januar i år la HMR fram ei sak med forslag om framskynde samanslåinga til 2019. Styret bad føretaket om å fortsetje planlegginga og komme tilbake med ei sak så snart som mogeleg.
Det har til tider vore vanskeleg å innfri kvalitetskrava i Eit trygt fødetilbod. Dei offentlege opne kvalitetstala viser ein uønskt variasjon, noko som også kjem fram i kvalitetstala frå fødeavdelingane. Av omsyn til kvalitet, pasienttryggleik, rekruttering og utfordingar i drifta, vil klinikken samle fødeavdelingane til eitt fagmiljø i god tid før innflytting i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Fagmiljøa ved dei to sjukehusa har i hovudsak lenge støtta ei samanslåing, men dei har ulike syn på kor ei slik samlokalisering bør vere og kva tid den bør gjerast i forhold til innflyttingstidspunktet i SNR.
 

Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Legg fram tiltak for 133 millionar kroner