Rosar tilsette for innsatsen i helga

Tilsette ved alle dei fire sjukehusa i fylket blei involvert da cruiseskipet Viking Sky fekk motorstans i Hustadvika og passasjerar måtte evakuerast. Administrerande direktør Espen Remme rettar no ein stor takk til alle som deltok i redningsaksjonen.

- Eg er stolt og rørt over innsatsen til tilsette og vil takke kvar og ein for deira bidrag under hendinga. I over eit døgn blei beredskapen i Møre og Romsdal satt på strekk og tilsette i Helse Møre og Romsdal sørga saman med andre beredskapsaktørar og frivillige for at det blei gjort kloke val og for at pasientar og passasjerar blei godt ivareteke, seier Remme.

Auka beredskap

Tidleg under hendinga auka føretaket sin beredskap. Det blei oppretta lokale krisestabar ved sjukehusa i Kristiansund og Molde, samt sentral krisestab ved AMK-sentralen i Ålesund. Avdeling for prehospitale tenester i heile fylket mobiliserte og samarbeidet godt med innsatspersonellet. Fly og helikopter deltok og AMK-sentralen gjorde ein særs viktig jobb med å koordinere operasjonen saman med Hovudredningssentralen, involverte kommunar og andre etatar. I tillegg blei det henta inn ekstra ressursar for å ivareta øvrig beredskap i fylket medan hendinga stod på.


   

Pasientar til sjukehus

Skadde pasientar blei frakta til akuttmottaka ved sjukehusa i Kristiansund og Molde der dei fekk rask og god oppfølging. Totalt har 36 pasientar fått behandling. 16 av dei blei innlagt ved sjukehus, medan dei øvrige 20 fekk poliklinisk behandling. Ein av pasientane blei vidaresendt til Haukeland sykehus i Bergen for oppfølging.

På føremiddagen måndag var framleis 9 pasientar innlagt på sjukehus, men det er venta at fleire blir skriven ut i løpet av dagen.

- Vår interne innsats i føretaket var imponerande, men eg vil også skryte og gje ros til dei andre beredskapsaktørane, inkludert dei involverte kommunane. Saman spelte vi på lag og bidrog sterkt til at utfallet av hendinga enda godt, seier Remme.