Samarbeider for eit betre rehabiliteringstilbod

- Vi skal bruke ressursane på ein ny måte til det beste for pasientane som treng rehabilitering, seier Hilde Marie Kleiven og Inger Nossen Sandvik i brukerutvalet til Helse Møre og Romsdal. Dei er brukerrepresentantar i eit samarbeidsprosjekt mellom sjukehusa og kommunane som skal sikre eit godt rehabiliteringstilbud i åra som kjem.

Brukerrepresentantane (f.v) Hilde Marie Kleiven og Inger Nossen

Brukerrepresentantane (f.v) Hilde Marie Kleiven og Inger Nossen Sandvik vil ha konkret handling for å etablere eit godt rehabiliteringstilbod i fylket.

Det døgnbaserte rehabilterinstilbudet i Møre og Romsdal er i dag utført av både spesialisthelsetenesta og kommunane. Overgangen frå fastlege til sjukehus, mellom sjukehus og heimeteneste eller korttids-/rehabiliteringopphold, har ofte vore ei utfordring for pasientane. Enkelttenestene heng ikkje alltid saman som ein heilhet for brukarane. I eit bredt samarbeidsprosjekt mellom regionråda i fylket og Helse Møre og Romsdal HF skal ein no utrede moglegheita for eit rehabilteringstilbod på tvers av tjenestenivåa.


- Drømmen er å få til samhandling der vi sett pasienten i sentrum, og bygger tenestene rundt brukarane, seier Inger Nossen Sandvik i brukerutvalet til Helse Møre og Romsdal. I samarbeidsprosjektet skal deltakarane utgreie korleis ein kan tilby tenester som gir rehabiltering uten grenser.


Heilskapeleg rehabiliteringstilbud
I prosjektet skal gruppa sjå på korleis rehabilteringstenestene kan organisere seg tett opp mot kvarandre og skape
nye arbeidsformer. Til dømes vil ei vriding av tenestene kreve at spesialisthelsetenesta og kommunane må samarbeide i større grad enn i dag, og ein må ta i bruk nye arbeidsformer og nye behandlingsformer.
- Målsettinga er å etablere eit sikkert og godt tilbud over tid, ved å bruke ressursane vi har på ein ny måte. Eit godt samarbeid på tvers av spesialisthelsetensta og kommunetenestene vil bidra til at vi beheld og utviklar kompetansemiljøet i fylket. Det betyr at fleire kan få eit heilskapeleg og godt rehabiliteringstilbud, seier Hilde Marie Kleiven.

Vil ha konkret handling
Prosjektgruppa skal fram mot våren 2020 kartlegge det samla døgntilbodet innan døgnbasert rehabilitering i fylket, og sjå på behovet for interkommunale tenester, lokalisering av spesialisert rehabilitering som ikkje treng å ligge til sjukehusa og vurdere ulike former for samarbeid. Eit døme er etablering av felles tverrfagleg vurderingsteam.
-
Vi vil ha konkret handling, og det har vi store forventninger til at denne gruppa får til, seier Sandvik og Kleiven, som legg til at Møre og Romsdal no er langt framme på landsbasis for samhandling på tvers av tenestenivå.

Gruppa skal også tilrå framtidig felles samarbeids- og driftsmodell for Aure og Mork rehabiliteringssenter der både helseføretaket og aktuelle kommunar deltek. Dette er eit arbeid som er nyleg starta.

Det spesialiserte rehabiliteringstilbodet foregår i dag ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering som er lokalisert ved Ålesund Sjukehus, Mork rehabiliteringssenter i Volda og Aure rehabiliteringssenter på Aure på Nordmøre. I tillegg har Helse Midt-Norge avtale med private aktører i regionen om å gi et speislaisert tilbod. Etter planen skal gruppa legge fram resultatet av arbeidet 1, juni 2020.

Deltakarane i samarbeidsprosjektet
Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe. Styringsgruppa er leda av rådmann i Volda kommune Rune Sjurgaard (repr. Sunnmøre regionråd), brukerrepresentantane Hilde Marie Kleiven og Inger Nossen Sandvik (repr. Brukerutvalget Helse Møre og Romsdal), ass. Rådmann nye Molde kommune Britt Rakvåg Roald (repr. Romsdal regionråd), Enhetsleder helse og familie Aure kommune Geir Nielsen (repr. Orkide – Nordmøre regionråd),
Virksomhetsleder og aktivisering og velferd nye Ålesund kommune Camilla Almås (repr. Sunnmøre regionråd), Tillitsvalgt for Norsk Fysioterapeut Forbund, Kristiansund kommune Trude Nordskag (repr. Kommunene), Seniorrådgiver Tore Jo Nilsen (repr. Helse Midt Norge) og samhandlingssjef Lena Bjørge Waage, spesialrådgiver Helge Ristesund, klinikksjef klinikk for medisin og rehabilitering Jorun Bøyum, foretakstillitsvalgt Norsk Ergoterapeut Forbund Birgitte Ulstein Kvangarsnes – dei sistnevnte er representanter fra Helse Møre og Romsdal.

Arbeidsgruppa består av fire representantar fra kommunane utpekt av regionråda, samt tre representantar fra helseføretaket som alle har rehabiliteringskompetanse. Dette er Bente Åsbø (repr. Orkide – Nordmøre regionråd og Kristiansund kommune), Gunn Faksvåg (repr.
Romsdal regionråd og Molde kommune), Lisbeth Løvoll (repr. Sunnmøre regionråd og Ålesund kommune), Roger Kvalsvik (repr. Sunnmøre regionråd og Herøy kommune), seksjonsleiar ved Aure rehabiliteringssenter Aud Bente Skar, seksjonsleiar ved Mork rehabiliteringssenter Anita Nybø og spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering overlege Ingvild Kjeldberg. Arbeidsgruppa blir leia av prosjektleiar Synnøve Melseth, kvalitetsrådgjevar ved fagavdelinga i Helse Møre og Romsdal HF.