Samdrift av fødetilbodet også over nyttår

På grunn av den krevande driftssituasjonen ved fødeavdelingane i Kristiansund og Molde, er det beslutta at det blir samdrift to av fire helger også over nyttår.

Kst. klinikksjef Elisabeth Siebke i Klinikk for kvinner, barn og ungdom

Kst. klinikksjef Elisabeth Siebke i Klinikk for kvinner, barn og ungdom

14. november var driftssituasjonen ved fødeseksjonane i Molde og Kristiansund såpass utfordrande at leiinga beslutta å sette i verk midlertidige tiltak for å trygge pasienttilbodet. Det blei beslutta at seksjonane skulle veksle på å tilby fødselshjelp på helg.

Les også: Set i verk tiltak for å trygge fødetilbodet

Blir samdrift utover våren

Grunna aukande utfordringer knytt til bemanningssituasjonen, har avdelingsleiinga på nytt vurdert driftssituasjonen. 

Det betyr at også over nyttår vil det bli samdrift to helgar i månaden.

-  Dette må vi gjere for å få ei forsvarleg drift, i hvert fall fram til påske. Vi jobbar kontinuerleg med å avklare denne situasjonen, seier konstituert klinikksjef Elisabeth Siebke i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Kan ta imot i akuttsituasjonar

Tilsettrepresentant Anette Lekve spurte kva Sibke såg som den største risikoen ved ei samdrift.

- Den største risikoen er nok vel at vi alternerer mellom dei to byane. Det vil bli meir føreseieleg hvis vi vi kan leggje tilbodet til eitt sjukehus desse helgane, seier Siebke og legg til:

- Det er viktig å påpeike at begge seksjonane er bemanna slik at ein kan ta imot hvis det skjer noe akutt, seier Siebke.

Avdelingsleiinga vil følgje opp driftssituasjonen tett framover.