Sanntidsinformasjon aukar pasienttryggleiken

Med nettbrett og elektronisk ambulansejournal installert i alle ambulansar i Midt-Norge, skal pasientar sikrast tryggare og raskare helsehjelp. I løpet av hausten skal systemet gi sanntidsinformasjon til alle akuttmottak ved sjukehusa i Møre og Romsdal, noko som vil styrke pasientbehandlinga.

Elektronisk ambulansejournal auker pasienttryggleiken
Avdelingssjef for preshospitale tenester i HMR, Lars Erik Sjømælling
- Tilsette i akuttmottaka vil få ein ny kvardag der dei vil få tilgang på pasientinformasjon i sanntid. Det gjer at dei blir betre førebudd slik at dei kan sikre mottak av pasienten med riktig og viktig kompetanse, seier Lars Erik Sjømæling, avdelingssjef for prehospitale tenester i HMR.

Vil gje stor nytteverdi

Prehospital elektronisk pasientjournal er eit journalsystem, som skal bidra til å optimalisere samhandlinga mellom ambulansetenesta og sjukehus. Den digitale informasjonen blir oppdatert kontinuerleg og gir viktig sanntidsinformasjon om pasienten.

Tidlegare har ambulansetenesta nytta papirjournalar for å dokumentere oppdraga dei utfører, men frå 20. juni kunne tilsette ved mottaksavdelinga ved Orkdal sjukehus som dei første sjukehustilsette i Midt-Norge ta imot digital informasjon direkte frå ambulansen som underlag for planlegging av vidare pasientbehandling i sjukehuset.

- Vi har eit mål om at akuttmottaka i Møre og Romsdal skal ta løysinga i bruk hausten 2019. Det vil bidra til auka samhandling mellom dei prehospitale tenestene og sjukehusa og som også bidreg til auka pasienttryggleik og forbetring i pasientlogistikken, seier Sjømæling