Signerer kontrakt med Skanska 22. oktober

Helse Møre og Romsdal fekk ingen klagar frå dei andre tilbydarane som kjempa om å få bygge akuttsjukehuset på Hjelset. Klokka 12.00 i dag var karensperioden over, og no blir det kontraktsignering med Skanska Norge AS.

 
Prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal
- Eg er særs godt fornøgd med gjennomføringa av konkurransen og er glad for at vi kan invitere Skanska til Hjelset 22. oktober for kontraktsignering, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal.

Oppdraget med å bygge akuttsjukehuset på Hjelset er ein totalentreprise med samhandling og har ein forventa kontraktssum på  omlag 2,1 milliardar kroner (ekskl. mva).


Byggestart i 2020

Akuttsjukehuset på Hjelset før vidareutvikling av bygget

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) vil i tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Sentrale oppgåver i det vidare arbeidet blir å utvikle og optimalisere prosjektet innanfor den økonomiske ramma som er vedteke

Les meir om prosjektet