Skal analysere ei samanslåing av fødeavdelingane

Å slå saman to fødeavdelingar er ein krevjande prosess som utløyser uro og motstand i befolkninga og blant tilsette i Helse Møre og Romsdal.

Klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom

Klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom

- Vi forstår uroa, men er likevel trygge på at ei samanslåing vil gje betre kvalitet og pasienttryggleik, og at det vil gjere det lettare å rekruttere til fagmiljøa i framtida, seier klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Erdal peiker på at ei samling av fagmiljøa vil skape eit større og meir robust fagmiljø i Nordmøre og Romsdal.

- Fødeavdelingane i Kristiansund og Molde har i mange år hatt ei drift prega av utfordringar med rekruttering og stabilitet i lege- og jordmorgruppa. Det gir slitasje på nøkkelpersonell, og kan utgjere ein risiko for pasienttryggleiken og kvaliteten på tenestene, i tillegg til å vere uheldig for arbeidsmiljøet, fortel Erdal.

Føretaket har gjennomført mange ulike tiltak for å rekruttere til fagmiljøa utan å lykkast, noko som har vore ei stor belastning for dei tilsette med utstrakt vikarbruk og variasjon i kvalitet.

For stor variasjon i kvalitet

Det har til tider vore vanskeleg å innfri kvalitetskrava i Eit trygt fødetilbod. Dei offentlege opne kvalitetstala viser ein uønskt variasjon, noko som også kjem fram i dei interne ROS-analysane som blei gjennomført i klinikken i 2018 og som tok for seg driftssituasjonen ved fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Av omsyn til kvalitet, pasienttryggleik, rekruttering og utfordingar i drifta, vil klinikken samle fødeavdelingane til eitt fagmiljø i god tid før innflytting i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Fagmiljøa ved dei to sjukehusa har i hovudsak lenge støtta ei samanslåing, men dei har ulike syn på kor ei slik samlokalisering bør vere og kva tid den bør gjerast i forhold til innflyttingstidspunktet i SNR.

- Det er ikkje slik at ROS-analysen aleine skal konkludere når det gjeld kva klinikken innstiller i denne saka. Klinikkrådet har beslutta at avdelingsrådet i AFK blir arbeidsgruppe i arbeidet. Vi planlegg fleire møte med fagmiljøa og tillitsvalde etter analysen, seier Erdal.

Deltakarar som er invitert til analysen 4.februar:

  • Lokal leiing: seksjonsleiarar, ass. seksjonsleiarar og teamkoordinatorar ved AFK Kristiansund og AFK Molde
  • Klinikkleiing: avdelingssjef AFK og klinikksjef
  • Medverknad lokalt: plasstillitsvalde frå alle organisasjonar ved AFK Kristiansund og AFK Molde
  • Medverknad føretaksnivå: føretakstillitsvalde frå alle organisasjonar
    Vernetenesta: lokale verneombod i AFK Kristiansund og AFK Molde, samt hovudverneombod for Kristiansund og Molde
  • Samarbeidande fagområde: 10 avdelingssjefar, barnelegar, anestesilegar
  • Brukarutvalet: 2 representantar
  • Kommunesamanslutningane: 2 representantar frå ROR og 2 frå Orkidé
  • Praksiskonsulentar: 2 representantar som dekker Kristiansund og Molde sjukehus sine opptaksområde
  • Adm.dir/fagdirektør: 2 representantar
  • Observatør: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, klinikkråd KKBU, HR-avdelinga, Økonomiavdelinga
  • ROS-analysegruppa: 5 medlemmar (4 frå Fagavdelinga i HMR og 1 frå St. Olavs hospital)

Styresak i mars