Skal du til utlandet i sommar?

Smitte på reise i utlandet førebygger du best med god personleg hygiene og at du tenker over kva du et. Det viktigaste tiltaket er god handhygiene før eit måltid og etter toalettbesøk.

​Ferietid er tida for gode opplevingar og tek du ekstra omsyn til hygiene er du tryggare på å unngå smitte.

Her er nokre gode tips til reisa; bruk alkoholbasert desinfeksjonsmiddel om handvask ikkje er mogleg. Når det gjeld mat og drikke bør du vere på vakt mot kalde sausar, upasteuriserte mjølkeprodukt, ikkje-meieripakka iskrem, mat førebudd av rå egg (majones, dessert), rå salat, rå skaldyr og halvsteikt eller rått kjøtt. Du bør heller ikkje drikke vatn frå springen. Isbitar av forureina vatn er også kjent som smittekjelde.

Media har den siste tida skrive om utbrot og ein raskt aukande førekomst av antibiotikaresistente bakteriar, spesielt i Sør- og Øst-Europa samt land utanfor Europa. Folkehelseinstituttet rår ikkje folk i frå å reise til land med høy førekomst av antibiotikaresistente bakteriar, men dei rår i frå å planleggje behandling i desse landa når du kan få tilsvarande behandling i Norge. Størst risiko for smitte av antibiotikaresistente bakteriar er først og fremst knytt til innlegging på sjukehus.

Har du vore innlagt på sjukehus, eller fått omfattande undersøkingar eller behandling i helsetenester utanfor Norden og har timeavtale ved eit sjukehus, då må du kontakte legen din. Legen vil vurdere behovet for førehandsundersøking av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA, VRE og ESBL) før du er i kontakt med spesialisthelsetenesta (sjukehus). Ei førehandsundersøking vert gjort for å kunne setje i gong med førebyggande tiltak mot at antibiotikaresistente bakteriar etablerer seg, og blir ein fast del av bakteriefloraen på sjukehus eller i andre helseinstitusjonar.

Blir du sjuk den første tida etter heimkomst utan å ha vore i kontakt med helseteneste i utlandet, må legen din få vite at du har vore i utlandet.

Arbeider du som helsepersonell og har vore innlagt på sjukehus eller fått omfattande undersøkingar eller behandling i helseteneste utanfor Norden, då må du ta MRSA-prøve før du skal tilbake til jobb.


Fleire reiseråd finn du på Folkehelseinstituttet sine internettsider:

Reiseråd