Skanska får oppdraget med å bygge akuttsjukehuset

Prosjektstyret for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har innstilt Skanska Norge AS til oppdraget med å bygge det nye felles akuttsjukehuset på Hjelset.

​- Dette er en særs viktig milepæl og ein gledeleg dag for Helse Møre og Romsdal. Med innstilling av entreprenør, er vi eit stort steg vidare i arbeidet med å sikre pasientar i Nordmøre og Romsdal eit framtidsretta og godt pasienttilbod, seier konst. adm. dir. Nils Kvernmo.

Sjå presentasjon frå styremøtet

Tilbodskonkurransen
Konkurransen om å bygge akuttsjukehuset på Hjelset er ein totalentreprise med samhandling og har ein forventa kontraktssum på omlag 2,1 milliardar kroner (ekskl. mva). Prosjektet fekk tre gode tilbod innan fristen 12.juli, og i konkurranse med Hent AS og Veidekke Entreprenør AS, peika Skanska Norge AS seg ut med det beste tilbodet.

- Skanska leverte samla best på tildelingskriteriene og har presentert ein plan for vidareutvikling og gjennomføring av prosjektet som er særs tillitsvekkande. Dei har høgt kompetente og erfarne prosjektleiarar og dei leverte det beste pristilbodet, seier Johan Arnt Vatnan, leiar for prosjektstyret.

Karensperiode
Karensperioden for tildeling er satt til 10 dagar og kontraktsignering vil etter planen skje i veke 41/42.

Byggestart i 2020
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) vil i tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Sentrale oppgåver i det vidare arbeidet blir å utvikle og optimalisere prosjektet innanfor den økonomiske ramma som er vedteke.

Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt hausten 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. halvår 2024.