SNR vil bli bygd med dei funksjonane og kapasiteten som planlagd

Arbeidet med å realisere Sjukehuset Nordmøre og Romsdal held fram som planlagt. I sin orientering til styret la ass. dir. Helge Ristesund, vekt på at planlagt innhald ligg fast.

 

- Eg opplever at det råder ei usikkerheit i befolkninga knytt til kva Sjukehuset Nordmøre og Romsdal vil bli og eg høyrer at fleire er bekymra for at sjukehusprosjektet blir redusert. Det er viktig for meg å presisere at det ikkje er gjort endringar knytt til innhald, funksjonar og kapasitet som er planlagt og vedteke for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, sa Ristesund

Skal vidareutvikle prosjektet

Som ein del av det vidare arbeidet skal ein redusere kostnadar i prosjektet og vil ta ned nettoarealet med inntil 1500 m2, men ein skal skjerme klinisk areal i størst mogleg grad slik at pasienttilbodet blir ivareteke. Fem entreprenørar har meldt sin interesse for å bygge akuttsjukehuset på Hjelset og ein startar no eit arbeid for å vurdere søknadane og kven av entreprenørane som får moglegheit til å levere tilbod innan fristen 12.juli.

- Nokon reiser tvil om SNR vil bli realisert, men det er det eit stortingsvedtak på. SNR blir bygd. Det er gledeleg at fem solide entreprenørar er interessert i oppdraget. Eg var spent på korleis interessa var etter førre runde, men dette lovar godt, sa Ingve Theodorsen, styreleiar i HMR.

Viktig med framdrift i DMS-prosjektet

I sin orientering til styret var også Ristesund tydeleg på at det er kritisk å sikre framdrift i arbeidet med å utvikle DMS i Kristiansund. 13. juni vil det vere eit nytt møte i Kristiansund der styringsgruppa for DMS-prosjektet skal diskutere vidare organisering og framdrift i arbeidet.