Spanande forsking- og innovasjonsmelding for 2018

Forsking og innovasjon har viktige funksjonar for foretaket, og er eit område som har vore i vekst dei siste åra. 

Forskingssjef Berit K. Teige presenterer spanande forskingsresultat for styret i Helse Møre og Romsdal

-Aldri har det vore produsert fleire registrerte publikasjonar i Helse Møre og Romsdal enn i 2018. Forskingsbudsjettet har ikkje vore auka siste åra og at forskingsproduksjonen allikevel aukar er svært gledeleg, seier forskingssjef i Helse Møre og Romsdal Berit K. Teige.

 

Forskings- og innovasjonsmeldinga for Helse Møre og Romsdal gjev eit oversyn over forskingsaktiviten i føretaket. Fleire av forskarane og «innovatørane» har starta opp grensesprengande forskings- og innovasjonsprosjekt som materialiserar seg i artiklar, føredrag og endring i pasientbehandling. Det er styret som godkjenner meldinga.

 

- Vi har mykje interessant å formidle innan forsking, dette er fordi vi har proaktive, engasjerte og dyktige forskarar og klinikarar i sjukehusa som brenn for det dei gjer. Det er derfor naturleg å rette ein stor takk til alle dei som er pådrivarar og bidreg til å vidareutvikle forsking og innovasjon, seier Teige.

Les meldinga på nett – last ned melding