Status for innlagte pasientar etter Viking Sky

I samband med at cruiseskipet Viking Sky fekk problemer utanfor Hustadvika i helga blei fleire pasientar frakta til sjukehus. Her er status for innlagte pasientar pr.  tysdag 26. mars

Tysdag føremiddag var det framleis 7 av passasjerane frå Viking Sky som var innlagt ved sjukehusa i Kristiansund og Molde til behandling og oppfølging.

Kristiansund sjukehus:

1 kvinne og 1 mann i 70- åra, samt ei kvinne i 90-åra er innlagt med moderate skadar

Molde sjukehus:

2 kvinner i 50 åra og 1 kvinne i 60 åra har vore innlagt med lettare og moderate skadar, men blir truleg skriven ut frå sjukehus tysdag ettermiddag
1 mann i 30-åra er innlagt med moderate skadar og blir truleg skriven ut onsdag.

Totalt har 26 av passasjerane på Viking Sky fått behandling ved sjukehusa i Kristiansund og Molde. 14 har vore eller er framleis innlagt på sjukehus, medan 12 pasientar har fått poliklinisk behandling ved sjukehusa.


Ein mann blei frakta til Haukeland sykehus for behandling av ein brotskade.