Status i arbeidet fram mot styremøtet 24. januar

Arbeidet med omstillingsprosessen er i full gong, og det er eit stort informasjonsbehov knytt til kor langt ein har kome i prosessen.

I løpet av dei første dagane i januar har det vore arbeidd intensivt med innsamling av data og analyser for å sjå nærare på kva effektar ein kan hente ut av ulike omstillingstiltak.

Sidan før jul har det vore jamlege møter med tillitsvalte og brukarrepresentantar, og tysdag denne veka møtte leiinga i helseføretaket dei føretakstillitsvalde for å drøfte det ein har kome fram til i arbeidet fram til no.

- Konstruktivt møte

- Vi har hatt eit konstruktivt møte der leiargruppa og dei føretakstillitsvalde har drøfta konkrete og mindre konkrete tiltak. Tillitsvalde har oppmoda oss til å vere opne og ærlege i diskusjonane om kva område som er til vurdering, og derfor er det viktig å understreke at ikkje nødvendigvis alt blir sett på som aktuelt og tatt med i styresaken. At vi får undersøke moglegheitsrommet saman med våre tillitsvalte er heilt nødvendig i den alvorlege situasjonen som helseføretaket står i, seier administrerande direktør Espen Remme.

I møtet var ein innom mange områder og tiltak. Helse Møre og Romsdal har hatt ei auke i brutto årsverk frå 2015, og veksten og fordeling av desse årsverka blei m.a. diskutert.

I tillegg har ein hatt ein større kostnadsauke enn auke i aktivitet, slik at føretaket skårar dårlegare på  produktivitet samanlikna med fleire andre helseføretak. Kva effektar som kan takast ut frå å redusere variasjon internt i føretaket blei også diskutert.  

- Vi byggjer oss opp gjeld dag for dag, og dette skal betalast tilbake. Derfor har vi ikkje noko anna val enn å gå rundane vi gjer no, seier Remme.

Foreløpige tiltaksområde

I møtet fekk dei tillitsvalde sjå den planen over områda ein no ser nærare på, ei foreløpig tiltaksliste som framleis er i utarbeidingsfasen:


Oversikt over de foreløpige tiltaka
Nokre av fagområda (ein ser på ulike tiltak):

​Meirtid: reduksjon av faste årsverk (administrasjon, klinikkar), bemanningsfaktor, overtid, UTA (utvida teneste-/arbeidstid)

​Sengepostorganisering: sengepost, intensiv, dagkirurgi

Rehabilitering 

​Psykisk helse og rus 
​Organisering av fødetilbodet
Outsourcing av ikkje-pasientnære tenester​
​Operasjonsflyt

Prehospitale tenester

(Lista er ikkje uttømmande)

Møteaktivitet framover

Utover denne veka vil det vere samarbeidsråd og klinikkråd der tiltaka skal diskuterast vidare med leiarar og tillitsvalde, og der det kan komme fleire innspel til tiltak.   

- Det er kort tid til styresaka skal vere klar, og både vi i leiargruppa og dei tillitsvalde kjenner på tidspresset. Derfor var møtet på tysdag viktig slik at vi kan halde prosessen så open som mogleg der vi står no, seier Remme.

Det har gått ut ein invitasjon til dialogmøte med kommunane i slutten av januar/starten av februar.

Bakgrunn - kvifor gjer vi dette?

  • HMR har over mange år brukt meir pengar enn inntektene gir oss grunnlag for - lønn utgjer 70-75 % av kostnadane. 
  • HMR har skyvd på oppgradering og investeringar i medisinsk teknisk utstyr, bygningsmessig vedlikehald og oppgradering. 
  • Trass i mange forsøk på å styre kostnadsutviklinga, er trenden at lønskostnadane aukar dei siste åra. 
  • For å sikre langsiktige, trygge og forutsigbare spesialisthelsetenester, med fagleg kompetanse, infrastruktur og økonomisk berekraft – må ein gjennomføre tiltak som i tilstrekkeleg grad møter dette.