Stor suksess med fagdag i sikkerheitspsykiatri

- Eit viktig bidrag i å betre samarbeidet og forståinga for kompleksiteten i fagfeltet, seier påtroppande avdelingssjef Perny Oksnes i Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre.

125 deltok på fagdagen som blei arrangert i Pinsekirka i Ålesund.

125 deltok på fagdagen som blei arrangert i Pinsekirka i Ålesund.

Onsdag 22. mai arrangerte Lokal sikkerheitspsykiatri HMR ved Ålesund sjukehus fagdag med temaet «Sikkerheitspsykiatri i eit samfunnsperspektiv».

Fagdagen blei arrangert i forbindelse med 10-års jubileet til seksjonen, og starta med eit kulturelt innslag frå elevar ved Steinerskulen i Ålesund.

Nasjonale og internasjonale føredragshaldarar

125 deltakarar var med på fagdagen, mellom anna frå kommunar, kriminalomsorgen, politiet, Fylkesmannen, spesialisthelsetenesta og NTNU Ålesund.

- Fagdagen var hovudsakelig prega av dei juridiske forandringane vi står i som gir oss moglegheitar og utfordringar i behandling og samhandling når det gjeld denne pasientgruppen, seier påtroppenade avdelingsleiar Perny Oksnes i Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre som er godt nøgd med dagen.

Både nasjonale og internasjonale fagfolk bidro med innlegg. Randi Rosenqvist, som er ein kjent samfunnsdebattant og sentral fagperson innan sikkerheitspsykiatri nasjonalt, holdt eit innlegg om ulike sidar og dilemmaer som fagfeltet sikkerheitspsykiatri møtar i dag og vil møte i framtida.

Randi Rosenqvist

Randi Rosenqvist

Førstestatsadvokat for Møre og Romsdal, Ingvild Thorn Nordheim fortalde om påtalemyndigheita si rolle i sikkerheitspsykiatrien, og då spesielt om pasientar som blir dømt til tvungen psykisk helsevern.

Positive tilbakemeldingar

Leiar for Kontrollkommisjonen på Sunnmøre, Mette Ekroll Nyland tok for seg Kontrollkommisjonens si rolle og balansegangen mellom pasientrettigheitar og samfunnsvernet.

Professsor Marit Følsvik Svindseth ved NTNU Ålesund holdt eit innlegg om etikk, tvang og opplevde krenkingar, og Frans Fluttert fra Nederland holdt eit innlegg om valdsrisikovurderingar og tidlege forvarslar. Fluttert er tilsett ved Høgskolen i Molde og mangeårig forskar på dette temaet.

Frans Fluttert

Frans Fluttert


- Vi har fått mange positive tilbakemeldingar både frå deltakarar og føredragshaldarar. Så eg trur dette er eit viktig bidrag i å betre samarbeidet og forståinga for kompleksiteten i fagfeltet, seier Oksnes som gjerne vil sende ei stor takkehelsing til alle tilsette som har hjulpet til med organiseringa av denne dagen.

Overlege Andreas Kjerstad og psykologspesialist Eva Eidset frå Lokal Sikkerheitspsykiatri HMR.

Overlege Andreas Kjerstad og psykologspesialist Eva Eidset frå Lokal Sikkerheitspsykiatri HMR.