Styremøte i Helse Møre og Romsdal HF

Onsdag 11. desember er det styremøte i helseføretaket. Møtet blir i administrasjonsbygget til Ålesund Sjukehus.


Møtestart er kl 10.00 i møterommet Storhornet. NRK kjem til å streame frå styremøtet. Lenke til sendinga vil bli lagt ut i denne saka onsdag.

Det blir ei omvising ved Ålesund sjukehus kl. 08:45-09:30 i avdeling for stråleterapi. Det vil av omsyn til pasientar og deira personvern, ikkje vere anledning for andre enn dei inviterte og media til å følgje omvisinga.

Media som ønskjer å vere med på omvisinga, bes avtale dette med kommunikasjonsdirektør Hege Hegle.

Styresakene finn du her.

Følg direktesendinga til NRK her