Styresaka er klar

Her er status på nokre av omstillingstiltaka.

​I styremøtet i januar blei det skissert ni ulike prosjekt som skal tene som tiltak framover. Desse har gitt utviklingsplanen i helseføretaket ei anna takt enn først tiltenkt.

Fleire av satsingsområda frå utviklingsplanen som skal sikre framtidig berekraft blir no satt på dagsorden i form av konkrete tiltak allereie i 2019.

Les også: Legg fram nye tiltak for 133 millionar kronar

Administrerande direktør Espen Remme er tydeleg på at dette har vore ei krevjande tid, og seier at tilrådingane som kjem i denne styresaka utfordrar den opplevde tryggleiken både internt i føretaket og for befolkninga generelt.

- Balansegangen mellom fagleg utvikling og økonomiske innstrammingar kan synest vanskeleg å kommunisere, der endring i tilbod ofte vert einsidig forklart som eit resultat av dårleg økonomi. Dette er ikkje tilfelle, men økonomien, slik han er i dag, gjer det krevjande å utvikle føretaket vidare. Då må vi gjere tiltak, og omstillingsprosjekta som er valt ut har sitt opphav i fagleg utviklingsretning og føringar for utvikling av helsetenestene, seier Remme.

Les heile styresaka her.

Tidlegare i dag ble det kjent at føretaket vil slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde i ei avdeling ved sjukehuset i Molde.

Les også: Vil samle fødetilbodet ved sjukehuset i Molde

Går inn for å flytte døgnsenger frå DPS Sjøholt

Innan Klinikk for psykisk helse og rus innstiller klinikkleiinga på ei nedlegging av døgnseksjonen ved DPS Sjøholt.
 
- Klinikkleiinga er einige om at ei vidare satsing på ambulante tilbod for brukarane som kan nytte seg av det, er rett. Dette vil bidra til at vi gir fleire pasientar eit tilbod på lågast mogleg nivå. Men det er viktig å understreke at pasientar som har behov for eit sengebasert tilbod, skal få det også etter denne omlegginga, skriv klinikksjef Karl-Arne Remvik i sin rapport.

Leiinga går inn for å auke sengetalet på DPS Vegsund med fem senger, og å flytte to senger til Seksjon for utgreiing og behandling ved Ålesund sjukehus. I tillegg vil ein styrke det ambulante tilbodet på Sjøholt med fem til seks stillingar.
 
- Dette vil vere med på å kompensere for ein reduksjon av senger. Dei ambulante tenestene på Sunnmøre er blant dei som er lengst framme i Noreg innan fagfeltet, og vil vere eit viktig bidrag til at fleire pasientar kan få eit tilbod i eigen bustad, skriv Remvik vidare.
 
Omlegginga er planlagt frå 1. september.

Vil outsource reinhald

Klinikksjef i Klinikk for drift og eigedom tilrår ei outsourcing av reinhaldet i Nordmøre og Romsdal.

- Dersom føretaket gjennom kravspesifikasjon til ekstern leverandør tek omsyn til dei risikoreduserande tiltaka som omhandlar kvalitet, fleksibiltet og kompetanse, vil risikoen ved eksternt reinhald vere liten, seier klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen.
 
Resultatet frå ROS-analysa blei kjent førre veke.
 
- Om styret gir si tilråing vil arbeidet bli satt ut på anbod. Når ein er gjort kjent med anboda, må det gjerast ei vurdering av dette i forhold til estimerte innsparingar, seier klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen.

Vil avslutte den spesialiserte rehabiliteringa på Aure

Klinikkleiinga i Klinikk for medisin og rehabilitering foreslår ei avslutning av tilbodet på Aure rehabiliteringssenter. Som kompenserande tiltak vil ein mellom anna opprette eit tverrfagleg ambulant team som skal ha base på Kristiansund sjukehus. Utvikling av disse tenestene skal gjerast i nært samarbeid med aktuelle kommunar.

Det vil også bli etablert fire nye rehabiliteringssenger ved døgnseksjonen på Ålesund sjukehus, samt ei styrking av det polikliniske tilbodet og dagbehandlinga.
 
- Det er viktig å understreke at dei pasientane som skal ha spesialisert rehabilitering vil få dette, men på ein annan måte enn tidlegare. Pasientane med behov for døgnopphald vil få dette i ei sjukehusavdeling, seier Bøyum. 
 
I løpet av andre halvår 2019 skal ein ha ein gjennomgang av korleis rehabiliteringstilbodet blir gitt, også ved Mork rehabiliteringssenter og på avdelinga ved Ålesund sjukehus. I denne perioden skal ein vurdere tilsvarande driftsendringar ved Mork rehabiliteringssenter, noko som vil krevje tett medverknad frå aktuelle kommunar.
 
- Per i dag bruker ein i stor grad førehandsdefinerte opphaldslengder. Dette bør i større grad individualiserast ved å sikre ein funksjonsvurdering og planlegging av tiltak i samarbeid med kommunane.  Frå nasjonalt hald er det ei ønska utvikling at rehabiliteringstiltak blir gitt på beste effektive omsorgsnivå. Derfor må vi evaluere måten vi tilbyr spesialisert rehabilitering på, mellom anna auke bruken av poliklinikk og ambulante tilbod, samt ha ei dreiing frå døgntilbod til dagtilbod, seier Bøyum.

Andre omstillingstiltak

Dei andre omstillingsprosjekta føretaket er i gong med er akuttprosjektet, operasjonsprosjektet, digitaliseringsprosjektet, program for effektive pasientforløp (tidl. «sengepostprosjektet») og lønnsprosjektet. Les meir om desse i styresaka.