Styret vedtok å utsetje samanslåing av fødeavdelingane

Styret ber direktøren kome tilbake med ei styresak som gir ei nærare konkretisering av samanslåingsprosessen, som heng saman med utviklingsretninga fram mot SNR.

Frå styremøtet onsdag
Frå styremøtet onsdag

Under styremøtet onsdag vedtok styret å utsette sammenslåingene av fødeavdelingene i Molde og Kristiansund.
 
 - Helse Møre og Romsdal har vore gjennom nokre veldig krevjande veker. Vi er ein del av den nasjonale politiske debatten og det er stor uro i nedslagsfeltet, sa konstituert adm. dir Nils Kvernmo i møtet.

Saka som har vakt størst oppsikt er vedtaket om ei samanslåing av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund i august, som blei fatta i styremøtet 27. mars. Vedtaket har hausta stor uro, både internt i helseføretaket og i befolkninga.

- Fødevedtaket er ein del av eit omstillingsprogram som eg meiner er nødvendig på sikt. Å samle før SNR er ein god plan, men i dag er eg ikkje førebudd på å seie kva tidspunkt dette skal skje, sa Kvernmo.
 

Følgjende vedtak blei fatta:

  1. Styret sluttar seg til utsetting av samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde.
  2. Styret ber adm. dir. om å kome tilbake med ei styresak som gir ei nærare konkretisering av samanslåingsprosessen, som heng saman med ei samla organisasjonsutviklingsretning mot SNR og ei samla oppgåve- og funksjonsdeling.
  3. Styret ber om at administrerande direktør på neste styremøte legg frem ein sak som greier ut for dei påstandar om feil i faktagrunnlag i sak 26/19, vedlegg 4 om fødesamanslåinga, som er satt fram i vedlegg 10 og 11 i sak 34/19 og som blir satt i samanheng med dei brev som er komme. Styret ber om at utgreiinga konkluderer med eventuelle endringar i tidlegare framsett faktagrunnlag.

Løypemelding på omstillingsprosjekta

Under styremøtet blei det også presentert ei forbetringshistorie frå Klinikk for psykisk helse og rus, som har klart å halvere bruk av mekanisk tvang i akuttpsykiatrien på Sunnmøre.

Les også: Opplæringspakke gir reduksjon i bruk av tvang

Fagdirektør Torstein Hole og klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Klinikk for drift og eigedom ga også ei løypemelding på korleis dei andre omstillingsprosjekta ligg an.

Per no er dei fleste omstillingsprosjekta i gong, og i digitaliseringsprosjektet har ein kome langt på det som går på pasientoppfølging på videokonferanse. IKT-sjef Odd Arne Maridal kunne fortelje at denne veka har dei to første pasientane hatt sine første videokonsultasjoner med spesialisthelsetenesta, noko som fann sted på kreftpoliklinikken i Molde.

- For å få til dette raskt, satte vi saman tverrfunksjonelle team kor klinikarane er nøkkelen. Så eg opplev at det er eit vanvittig driv for å få til dette også i fagmiljøa, sa Maridal.

Tilbodet er meint å vere til pasientar som har mykje kontakt med spesialisthelsetenesta, og kan nyttast der det ikkje er nødvendig med ei klinisk undersøking som ein del av konsultasjonen.

- Må jobbe med kortsiktige tiltak

Økonomidirektør Heidi Nilsen redegjorde for status, som visar ei forverring av økonomien, og at helseføretaket styrar mot eit negativt driftsresultat på 100 millionar kronar i 2019.  Kvernmo var tydeleg på at han ser eit behov for å sette i gong eit arbeid med ei nedbemanning så fort som mogleg.

- Mi hovedprioritering er å jobbe med akutte kortsiktige tiltak som skal bringe oss i balanse på kort sikt. I styremøtet i juni kjem eg til å leggje fram ei sak på kva vi skal gjere. Vi må kome i gong med første fase der vi må sjå kva som er nødvendig å gjere, og kva som er forsvarleg å gjere, sa Kvernmo.