Styret vedtok forslag til tiltaksplan

- 2019 blir et veldig krevande år, fastslo styreleiar Ingve Theodorsen før styret vedtok forslaget til omstillingstiltak.

Frå styremøtet 24. januar
Frå styremøtet 24. januar

​Sidan styremøtet 4. desember har det vore arbeidd i heile helseføretaket med å identifisere tiltak tilsvarande 200 årsverk, eller 131 millioner kronar.

Les også: Stiller krav om nedbemanning

Styresaka blei lagt fram torsdag 17. januar og inneheldt ni tiltaksområde kor ein ser mogleheit for å omstille eller effektivisere drifta.

- Kan ikkje fortsetje slik vi driv i dag

- Det er ingen som ønskjer at tilbodet til pasientane i Møre og Romsdal skal bli dårlegare. Det burde vore sjølvsagt, men no er det sagt. Men vi kan ikkje fortsetje å drive slik vi driv i dag.  Vi får ikkje meir pengar av å gå med underskot år for år, og konsekvensane vil ramme dei vi er her for; pasientane, sa administrerande direktør Espen Remme i tordagens styremøte.

Han peikte på at det har vore ei krevande tid for helseføretaket med mykje merksemd både internt men også frå politisk hald, kommunar og brukakrorganisasjonar sidan forrige styremøte.

- Det har blitt jobba godt i organisasjonen for å forsøke å legge ein plan, men det har også vore utfordringar. Vi har over 6000 tilsette og det har vore mange involverte, slik at det er krevjande å få til god kommunikasjon i den farta vi beveg oss. Så det er forståeleg at det kjem bekymringar utanfrå så vel som internt, seier Remme.

Han fekk støtte frå nestleiar May-Helen Molvær Grimstad som peikte på viktigheita av å ikkje snakke ned kvarandre.

- Det er veldig krevande å ha god omdømmebygging i ei tid du må kutte. Vi kan ikkje snakke fra oss gjelda, slik at ein står i eit krysspress mellom auka forventning blant innbyggarar, organisasjoner samtidig som ein har reduserte rammebetingelser. Vi må finne ut av korleis vi i fellesskap skal jobbe for å finne dei beste løysingane, og gi så godt helsetilbod som mogleg innanfor den ramma vi har, sa Molvær Grimstad.

Heiar på helseføretaket

Styreleiar Ingve Theodorsen sa seg nøgd med identifiserte tiltaksområde, men er bekymra for likviditetssituasjonen utover i året. Han fekk støtte frå eigarrepresentant Nils Kvernmo, som meinte at oppgåva til styret framover er å heie på helseføretaket og kontrollere oppfølginga av tiltaka.

- No er det lagt fram ein plan som svarar ut utfordringa. Det er ein god plan, så er det vår oppgåve som styre å stille kritiske spørsmål og kome med innspel. Men det må vere organisasjonen som gjer prioriteringane og kjem med svara, sa Kvernmo.

Les også:
Legg fram tiltak for 133 millionar kroner
Her er dei foreløpige omstillingstiltaka

Nestleiar May-Helen Molvær Grimstad ba om å få ein gjennomgang av finansieringsmodellen Helse Midt-Norge nyttar når pengene blir fordelt mellom helseføretaka i Midt-Norge neste styremøte.

Klinikkane og stabsavdelingane vil nå fortsetje arbeidet som allerede er satt i gong, med risiko- og sårbarheitsvurderingar. 1. februar blir det ekstraordinært dialogmøte med kommunane.

Neste styremøte er 20. februar.