Styrkar dialogen mellom fastlege og sjukehus med ny løysing

For å gi pasientane best mogeleg behandling er fastlegar og sjukehuslegar avhengig av å ha god dialog. Under dialogmøtet tysdag presenterte Helse Møre og Romsdal ei ny løysing som vil styrke pasienttilbodet

- Vi har teke i bruk eit verktøy som vil gjere det mogleg med elektronisk dialog mellom fastlegar og behandlarar på sjukehuset. Løysinga vil også gjelde for behandlarar på tvers av sjukehus og kommuner som sjukeheimsleger, helsestasjon, fysioterapeutar, sjukepleiarar, psykologar. Med dialogmeldingar erstattar vi mykje av den tidlegare kommunikasjonen som har skjedd via telefon eller brev, seier Odd Arne Maridal, IKT-sjef i Helse Møre og Romsdal

IKT-sjef Odd Arne Maridal og fastlege i Molde kommune Tilde Svela

Lansert denne veka

Løysinga blei opna for bruk i fylket tysdag 20.mai. Prosjektleiar i HMR Asbjørn Kjelsvik fortel at erfaringar med tilsvarande løysing i Helse Vest viser at fleire pasientar får behandling hos fastlege sidan ein får faglege avklaringar raskt utan å gå vegen om tilvisingar og kontakt på sjukehuset.

- Med dialogmeldingar vil vi kunne sikre raskare avklaringar som kan bidra til at pasientar får rett behandling utanfor sjukehus i større grad enn i dag. I tillegg kan den nye løysinga bidra til at legar sparar tid og jobbar meir effektivt, seier Kjelsvik

Den nye løysinga «Forespørselsmeldinger» vil bidra til at ein flyttar arbeid frå tilvisingar som ikkje er tilvisingar og frå  telefonar til arbeid med dialogmeldingar, og gevinsten er forventa å gi betre kontroll over arbeidsoppgåver, og færre unødvendig tilviste pasientar. Det vil redusere uønskt variasjon i tilvisingsflyten.

Etterspurt av legar

Thilde Svela er fastlege i Molde kommune og har lenge sakna ei elektronisk løysing for kommunikasjon mellom fastlegar og sjukehuslegar. Ho gler seg til å ta i bruk den nye løysinga.

- Legar i fylket har brukt unødvendig mykje tid på å orientere seg om kven dei skal ta kontakt med ved spørsmål om til dømes epikriser, prøvesvar og medikament. Den nye løysinga vil styrke våre moglegheiter til dialog og vil bidra til at vi kan gje pasientane betre helsehjelp, seier Svela

Nils Kvernmo inviterte til sitt første dialogmøte med kommunene i fylket

Dialogmøtet 20.mai

Om lag 100 personar deltok på dialogmøtet mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. Tema for møtet var korleis ein skal sørge for god dialog og samhandling i det vidare arbeidet med å sikre fagleg og økonomisk bærekraft i Helse Møre og Romsdal. Satsinga på digitalisering av helsesektoren og framtida med Helseplattformen som ny journalløysing var også tema på møtet.

Etter ei innleiing fra styreleiar Ingve Theodorsen og konst. adm. dir. Nils Kvernmo fulgte fleire innlegg der mellom anna leiar av brukarutvalet Ingrid Løset delte sine tankar om det vidare arbeidet.

Anne Lise Sagen Major og Atle Betten i samtale med Karl Vestli fra ehelse-direktoratet
Gruppearbeid under dialogmøte

Sjå presentasjonene frå møtet her:

Program 
Innlegg frå ordførarane
SNR v/Ketil Gaupset
Ehelse v/Karl Vestli
Helseplattformen v/Helge Storøy og Anne Lise Sagen Major
Resultat frå mentimenterundersøkinga
Pilotprosjekt legevakt v/Signe Hjort
Palliativ plan v/Tanja Alme

Oppsummering frå dialogmøtet