Tilset i fire sentrale roller i arbeidet med Helseplattformen

Henrik Erdal, klinikksjef for kvinner, barn og ungdom, blir fagleg leiar for innføringa av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal og går inn i stillinga frå 1. august

Fagdirektør Torstein Hole
- Henrik vil med si erfaring frå klinisk arbeid og som klinikksjef i HMR styrke arbeidet med å utvikle og innføre ny pasientjournal. Han har god kunnskap om arbeidet med Helseplattformen og vil bidra til at førebuingane og innføringa av løysinga blir god for Helse Møre og Romsdal, seier fagdirektør Torstein Hole.

Fagleg leiar

Erdal har over lang tid vore opptatt av arbeidet med å utvikle betre journalløysingar og han har hatt fleire sentrale roller både i lokalt og regionalt arbeid knytt til kvalitetsarbeid, fagutvikling, digitalisering og standardisering. Erdal blir fagleg leiar for arbeidet med Helseplattformen og assisterande fagdirektør i Helse Møre og Romsdal der han blir ein del av leiargruppa. Erdal får med seg eit sterkt team av medarbeidarar som skal leie og koordinere innføringsprosjektet i HMR.

Henrik Erdal, nytilsett fagleg leiar
- Å få vere med på å utvikle og innføre ei felles journalløysing er ein fantastisk moglegheit eg ikkje kunne si nei til. Med Helseplattformen vil vi kunne ta i bruk nye IKT-verktøy som vil gjere kvardagen enklare og betre både for pasientane og dei tilsette, og eg gler meg til det vidare arbeidet, seier Erdal.

Organisering av stillinga

Det er Helse Midt-Norge som har bedt alle føretaka i regionen om å sikre ei plassering av stillinga som fagleg leiar i Helseplattformen inn i adm.dir. si leiargruppe i prosjektperioden. I Helse Nord-Trøndelag er fagleg leiar også ass. dir., medan St. Olavs hospital har valt same løysing som HMR der fagleg leiar er ass. fagdirektør. 

Stillinga som klinikksjef for kvinner, barn og ungdom vil bli lyst og ein jobbar no med å få på plass ein konstituert klinikksjef i ein mellomperiode.

Fleire tilsettingar i Helseplattformen

Alle dei nye stillingane er finansiert av Helseplattformen AS og Erdal skal leie føretaket sitt innføringsteam som førebels består av tilsette frå sjukehusa i Molde, Ålesund og Volda. 

Lokal innføringsleiar
Kirsti Hamar erstattar Anne-Lise Sagen Major i ei 100 prosent stilling som lokal innføringsleiar frå 1.august. Hamar har vore tilsett som endringsleiar i prosjektet sidan 2018 og har bakgrunn som seksjonsleiar ved kirurgisk avdeling og sjukepleiar ved medisinsk avdeling i Molde.

Fagleg koordinator lege
Anne Marita Vågan blir tilset som fagleg koordinator lege i 50 prosent stilling. Vågan er overlege i hematologi ved medisinsk avdeling i Ålesund, og er i tillegg engasjert som fagekspert i 20 prosent stilling i Helseplattformen. Vågan har også hatt ei aktiv rolle i det regionale arbeidet med standardiserte pasientforløp.

Fagleg koordinator sjukepleiar
Geir Vikestrand får stillinga som fagleg koordinator sjukepleiar i 50 prosent stilling i prosjektet. Han har delteke både i innkjøpssarbeidet og i interimsprosjektet for Helseplattformen. Vikestrand har delteke i fleire lokale og regionale prosjekt knytt til pasientjournalløysingar og fortsett også i stillinga som teamkoordinator for tilsette som jobbar med PAS og EPJ i føretaket.

Les meir om Helseplattformen