Tilsette er med når eksternt selskap overtek reinhaldstenestene i Molde og Kristiansund

Frå første oktober tar Toma Facilities Services over reinhaldstenestene ved sjukehusa i Molde og Kristiansund. Omorganiseringa vert gjort som ei verksemdsoverdraging slik at dei tilsette beheld jobbane sine.


27. mars vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å sette ut reinhaldstenestene for føretaket sine institusjonar i Nordmøre og Romsdal. Selskapet Toma Facilities Services fekk anbodet som vart utlyst i juni. Det blir totalt 25 tilsette som no blir overført til ny arbeidsgivar. Seksjon for renhold for Molde og Kristiansund vil etter omorganiseringa sitte igjen med omlag 13 stillingar. Måndag var det informasjonsmøte med dei tilsette i Kristiansund og Molde.
- Det var ei trykka stemning og mange var lei seg, mykje knytta til usikkerheit kring pensjon, framtidige arbeidsoppgåver, og ikkje minst kven som blir overført til Toma, seier Kari Gro Monsås som er hovudtillitsvalgt for Fagforbundet ved Molde sjukehus.

Dei tillitsvalgte har vore med i prosessen frå styret i Helse Møre og Romsdal bestemte å sette ut reinhaldstenestene.
-Vi har fått spilt inn våre synspunkt, men vi har ikkje blitt hørt på alle våre punkt. Vi meiner at vi burde fått meir tid til å få sett på interne løysingar. No blir jobben å ta vare på dei tilsette, seier Monsås.

Det blir gjennomført samtalar med kvar enkelt tilsett dei næraste dagane.

Utsettinga av reinhaldstenestene har eit potensiale på om lag 6 millionar i reduserte kostnader for Helse Møre og Romsdal.
- Leiinga i føretaket har landa på at ein verksemdsoverdraging vil sikre den beste løysinga for framtidig drift. Tida framover skal no nyttast til samtaler med dei tilsette og informasjonsmøter med sengeposter og poliklinikker, seier Mona Aagaard-Nilsen, klinikksjef i klinikk for drift og eigedom.

Aagaard-Nilsen legg til at kriteria for utveljing av dei tilsette som blir værande i seksjon for renhold blir knytta til ansiennitet, kompetanse og sosiale forhold.

Selskapet Toma Facilities Service har også ansvaret for reinhaldsteneste ved Ålesund og Volda sjukehus.

Tidlegare omtalar av saka finn du her:
https://helse-mr.no/om-oss/nyheiter/nyheiter-2019/ros-analysen-av-outsourcing-reinhald-er-klar

https://helse-mr.no/om-oss/nyheiter/nyheiter-2019/outsourcing-av-reinhald-blir-gjennomfort-som-ei-verksemdsoverdraging