To nye klinikksjefar går inn i leiargruppa

Administrerande direktør Øyvind Bakke har to nye klinikksjefar på plass i sin leiarkabal. Palma Hånes blir ny klinikksjef for Volda sjukehus og Lars Erik Sjømæling blir klinikksjef i Klinikk for prehospitale tenester.

Lars Erik Sjømæling og Palma Hånes blir nye klinikksjefar i HMR


- Eg er svært audmjuk for den store oppgåva og ser fram til å ivareta og bygge vidare på både gode fagmiljø, gode relasjonar og samarbeidsarenaer ved Volda sjukehus og i HMR. Resultata viser at Volda i mange år har gjennomført fagleg god og effektiv drift. Eg er stolt over å få vidareføre dette arbeidet ilag med engasjerte og dyktige medarbeidar i Volda, seier Hånes

Palma Hånes og Øyvind Bakke, adm.dir. i HMR

Lang leiarerfaring

Hånes har vore tilsett i føretaket sidan 1991. Ho er utdanna anestesisjukepleiar og har erfaring frå Lillehammer sjukehus og frå Rikshospitalet. Hånes har leiarutdanning frå Høgskulen i Volda og var seksjonsleiar innan anestesi og operasjon ved sjukehuset i Volda frå 1991-2018. I januar 2019 gjekk Hånes inn i stillinga som avdelingssjef for avdeling for operasjon og anestesi ved sjukehusa i Ålesund og Volda.

- Palma kjenner helseføretaket godt gjennom arbeidet som anestesisjukepleiar, seksjonsleiar og det siste året som avdelingssjef for anestesi og operasjon for sjukehusa i Ålesund og Volda. Med Palma får vi ein erfaren leier og en god relasjonsbygger på tvers av fagmiljøa, seier Bakke.

Hånes blir sjef i klinikken med 274 årsverk frå 1.mars. Knut Nautvik som har vore konstituert i stillinga, vil i ein overgangsfase bistå Hånes, samt følgje opp planlagt vidareutvikling av sjukehusbygget i Volda.

Comeback som klinikksjef

Lars Erik Sjømæling som var klinikksjef i Klinikk for prehospitale tenester i perioden 2015-2017 kjem tilbake som klinikksjef frå 1.mars. Sjømæling har vore avdelingssjef i klinikken dei tre siste åra, er utdanna ambulansearbeidar og har vore leiar i føretaket sidan 2002 mellom anna som teknisk systemansvarleg for AMK. No ser han fram mot å bli ein del av leiargruppa i føretaket.

Lars Erik Sjømæling blir ny klinikksjef

- Eg er både stolt og audmjuk over å få denne moglegheita. Eg ønskjer å bidra til å få samkøyrt dei prehospitale tenestene i fylket slik at vi får tatt ut synergiar både innan fag og logistikk på ein enda betre måte.

Samlar tilbodet

I Klinikk for prehospitale tenester vil ein samle alle prehospitale tenester i føretaket. Det inneber mellom anna dagens 32 ambulansestasjonar, 2 luftambulansar, AMK-sentralen i Ålesund, samt pasientreiser. Klinikken har om lag 400 årsverk.

- Med Lars Erik får vi ein leiar med god fagleg innsikt i dei samla prehospitale tenestene i fylket. Sjømæling har i mange år leia bil- og båtambulansetenesta, og har i denne perioden samarbeidd tett med pasientreiser, AMK, luftambulansetenesta og kommunane. Dette kombinert med Sjømæling sine leiareigenskapar vil vere avgjerande for vidareutviklinga av klinikken og eit enda tettare samarbeid med kommunane om blant anna den lokale beredskapen, avsluttar Bakke.